Einar Hovdhaugen

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Hovdhaugen, Einar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Hovdhaugens gravminne på Venabygd kyrkjegard.
Foto: Chris Nyborg (2015).

Einar Hovdhaugen (fødd 26. februar 1908 på Hovdhaugen inst i Venabygda i Ringebu, død 1. juli 1996) var bonde, organisasjonsmann, politikar og lokalhistorikar i Gudbrandsdalen.

Hovdhaugen tok over heimegarden 30 år gamal. Han hadde betydelege kulturelle og samfunnmessige interesser. Han hadde regionale og nasjonale verv både i Bondelaget og Bondepartiet, m.a. som generalsekretær for partiet i åra 1946-49 og stortingsrepresentant 1958-1969. Her sat han i kyrkje- og undervisningskomiteen og fekk der utvikle kulturinteressa.

Hovdhaugen var mellom anna med i Landbruksrådet, Kringkastingsrådet, styret for Riksteateret, Teaterkomiteen av 1960, Folkeskolekomiteen av 1964, Vogt-komiteen og Nobel-komiteen.

Innafor lokalhistoria gjorde han ein betydeleg innsats. Han skreiv fleire bøker om nasjonale emne, m.a. om husmannstida, slektsgransking, det gamle arbeidslivet, føderådsskipnaden, døden, emigrasjon m.m.

Hans skreiv òg 2-bandsverket Gardar og slekter i Fron og ei lang rad bøker og artiklar frå Gudbrandsdalen.

Hovdhaugen vart utnemnt til riddar 1. klasse av St. Olavs Orden i 1976 og fekk Norsk kulturråds pris for lokalhistorie i 1978.

Lenker

Kjelder