Laura Sundal Skorpen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Laura Sundal Skorpen (f. 1898 i Flora kommune) var jordmor og sanitetskvinne, og var drivkrafta bak etableringa av Solbakken arbeids- og sjukeheim i Florø 1960. Dette var den første institusjonen for psykisk utviklingshemma i Sogn og Fjordane. I tiåra etter krigen hadde ho ein finger med i mange velferdstiltak i kystbyen Florø. Godar ein i dag tek for gitt, var ho og andre sanitetskvinner med på å skapa.

Jordmor

Det låg ikkje i dagen at Laura skulle verta jordmor då ho vart fødd i Norddalsfjorden i 1898. Jenter skulle stella seg slik at dei vart godt gifte, og elles ikkje stikka seg fram i dei dagar. Men med god hjelp frå distriktslegen, fekk ho plass på Jordmorskulen i Bergen. I 1919 kom ho til øya Skorpa som nyutdanna distriktsjordmor. Ho tok imot om lag 2000 barn i si karriere. Som jordmor kom ho tett på familielivet, og ho såg korleis barn som var «annleis skapt» vart gøymde vekk. Det var ei skam å få eit slikt barn, og det vart ofte ei tung bør for familien.

Krigstid

Laura jobba som jordmor på øyene då krigen kom til landet. Ho fortsette i jobben sjølv om dette innebar at ho måtte reisa i båt medan minene låg og flaut mellom holmar og skjær. Laura deltok i motstandsrørsla under krigen og fekk Heimevernet si fortenestemedalje for dette.

Sanitetskvinne

Laura vart tidleg med i Kinn Sanitetsforeining. Det var naturleg for ei jordmor å vera engasjert i folkehelsa, og gjennom foreininga spreidde ho også kunnskap om «abnorme børn» eller «åndssvake» som dei vart kalla. Ho ville løfta dei fram i lyset og gi både dei og familiane deira eit betre liv. I 1949 vart Sogn og Fjordane Sanitetsforeining skipa, og Laura fekk formannsvervet. Laget fekk mange viktige saker å arbeida med. Ideen om å bygga ein «åndssvakeheim» var ein av dei, og Laura fekk fylkeslege Blew med seg i planarbeidet. På Solbakken fekk 32 born ein ny kvardag i 1960.

Livsmotto

Laura sa sjølv ho gjerne ville trøysta, oppmuntra og hjelpa menneske som hadde det vondt. Gjennom alt arbeidet ho la ned som jordmor, sanitetskvinne og venstrepolitikar lukkast ho godt med det. Det ho gjorde som medmenneske står ikkje oppført i nokon protokoll, men mange hugsar henne som ei hjartevarm og imøtekommande, men også myndig dame.

Litteratur og kjelder