L.K.A. Aure`s Eftf.

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

L.K.A. Aure's Eftf. var ei daglegvareforretning i Aure sentrum i Sykkylven. Lars Andreas Larsen Aure (Pihl-Andreas, 1860-1922) var gardbrukar i Pihl-garden på Aure. I tillegg dreiv han med kjøp av dyr til slakting, og selde kjøtet for det meste til Ålesund. Son hans, Lars K.A. Aure, heldt fram i same yrket. Han sette opp eit vånings- og forretningsbygg i Aure sentrum, der han opna kjøt- og fiskematforretning i 1930. Huset brann ned i 1939, og forretninga måtte drivast i provisoriske lokale ei tid. Han bygde opp att eit nytt og større hus, denne gongen i betong, og heldt fram med forretninga der frå 1940-41.

Krigsåra var ei vanskeleg tid, med mangel på alle slags varer. Kjøt og kjøtprodukt var det særleg lite av, men litt betre med fisk og fiskemat. Etter krigen vart situasjonen gradvis betre, og etter kvart vart vareutvalet utvida til også å gjelde kolonivarer og mjølk. I fleire år var dette einaste mjølkeutsalet på strekninga Tynes-Aursnes. Mjølka vart då henta inn frå gardane i store transportspann, og oppmålt for hand til kundane i eit spesielt tillaga rom med glasdører. Mjølkeutsalet tok såleis opp ein god del ekstra golvplass, og arbeidet med mjølka og mjølkeprodukta var tungt.

Oddlaug Aure tok over firmaet i 1954, og kalla det frå då av L.K.A. Aure's Eftf. Ho hadde arbeidd i butikken og verkstaden frå sin tidlegaste ungdom, og elles stått for leiinga i firmaet i fleire år. L.K.A. Aure's Eftf. hadde i 1983 fem tilsette. To at dei arbeidde på deltid. Dette var ei av dei siste kolonialforretningane i Sykkylven med sal over disk. Forretningsdrifta vart lagt ned tidleg i 1986.

Kjeld:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.