Det Norske Teatret

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Det Norske Teatret i Kristian IVs gate, 2006
Foto: Hans A. Rosbach

Det Norske Teatret er eit teater i Oslo, som spelar på nynorsk og ulike norske målføre. Det blei grunnlagt som eit lutlag den 22. november 1912, med Hulda Garborg som første styreleiar. Skodespelaren Rasmus Rasmussen var den første teatersjefen. Teateret si første framsyning fann stad i Kristiansand den 2. januar 1913.

Hulda Garborg var utan tvil den fremste pådrivaren i pionertida. Arne Garborg og skodespelarane Edvard Drabløs og Lars Tvinde er blant andre namn som bør nemnast i denne samanhengen.

Alt frå mellomkrigstida av vart teateret kjent som ei scene for samtidsdramatikk, nytolking av klassikarar og for sceniske eksperiment. Teatret har også frå 1950-åra og til dags dato vore lengst framme i landet med ein annan type repertoar, nemleg musikalane.

I heile si eksistenstid har Det Norske Teatret vore ein kjerneinstitusjon for målrørsla, ikkje minst ved å vere mønstergjevande for ein nynorsk talemålsnormal. Det har også vore til inspirasjon og føredøme for dei uteljande amatørteatergruppene utover på bygdene, gjerne knytta til dei frilynte ungdomslaga.

Oppstarten

Teatret heldt frå 1945 til 1985 til i Stortingsgata 16

Ein direkte forløpar for Det Norske Teatret var Det Norske Spellaget, skipa i 1899 av folk knytta til den såkalla Askerkretsen, og med Hulda Garborg som den drivande kraft. Etter noko turneaktvitet med landsmålsstykke dei fyrste åra, hadde spellaget lege nede i fleire år. Men i 1910 vart aktiviteten gjenopptatt med turnear over store delar av landet. Det same året vart det sett i gang pengeinnsamling med tanke på å grunnleggje eit fast teater. Eit ope brev vart sendt ut i august 1910. Det var underteikna av ei rekkje framståande personar innan politikk og kulturliv. Blant dei mest kjende namna var Hulda og Arne Garborg, Jørgen Løvland, Hagbard Berner, Randi Blehr, Halvdan Koht, Fernanda Nissen, Paal Berg, Fredrik Voss, Rasmus Steinsvik og Helge Væringsaasen.[1]

På stiftingsmøtet den 22. november 1912 i Møllergata 20 var 33 andelseigarar frammøtte personleg, medan ytterlegare 445 organisasjonar og einskildpersonar var representerte ved fullmakt. Til styre for lutlaget vart følgjande valde: Advokat Fredrik Voss, advokat Paal Berg, arkitekt Kristen Tobias Rivertz, byråsjef Hans Johansen Gurstad og Hulda Garborg. Sistnemnde vart vald til styreleiar da styret konstituerte seg på fyrste styremøtet.[2] Den fyrste teatersjefen vart Rasmus Rasmussen (1862-1932), som mellom anna hadde vore ein markant skodespelar ved Den Nationale Scene i Bergen i ei årrekke.

Opningsframsyninga etter at teateret vart formelt stifta, fann stad i Kristiansand den 2. januar 1913. Dei starta ein turne derifrå med stykka Ervingen av Ivar Aasen, Rationelt fjøsstell av Hulda Garborg og Bjørnefjell av Olav Hoprekstad.

Den første framsyninga i Kristiania fann stad den 6. oktober 1913, Jeppe på Berget av Ludvig Holberg i Arne Garborg si omsetjing. Kongen var til stades ved opninga.

Provoserande og avantgardistisk

Opninga i Kristiania utløyste rabalder og teaterslag. Det var pipekonsertar under framsyningane, organisert av gymnasiastar. Delar av publikum gjekk til handgripeleg motaksjon og det var masseslagsmål i salen. Det heldt fram i fleire dagar regelrette opptøyer utanfor teaterbygningen. Natt til 17. oktober var det samla tusenvis av menneske i protestar og motaksjonar.

Også seinare har teateret provosert ulike segment på ulike måtar. Mellom anna kom det i 1948 sterke protestar da teatret framførde Peer Gynt på nynorsk med musikk av Harald Sæverud.

I dei fyrste åra flaut teateret på oppsetjing av farsar og svenske og norske folkekomediar av ein kunstnarisk verdi som ikkje vekte eller fortente særleg åtgaum. Men ganske tidleg fekk Det Norske Teatret eit visst ry som avantgardeteater. Det var særleg frå midten av 1920-åra av under innverknad av blant andre Agnes Mowinckel og Hans Jacob Nielsen.

På slutten av 1900-talet var teatret vide kjent for sine tolkingar av Samuel Beckett, den fremste av dramatikarane innan det såkalla absurde teater. Det skjedde under regissøren Bjørn Endreson og med skodespelarar som Bjarne Andersen og Tom Tellefsen.

Frå slutten av 1990-åra har teateret hatt ære av å framføre Jon Fosse sine stykke, mellom anna urpremieren på hans fyrste stykke for teater, Nokon kjem til å komme.

Tilhaldsstadene

Rasmus Rasmussen var den fyrste teatersjefen ved Det Norske Teatret.
Foto: Ukjent/Oslo Museum.

I Kristiania/Oslo heldt Det Norske Teatret først hus i Bondeungdomslagets sal i Bøndernes Hus (1913-1931). I åra 1931-1934 var Centralteateret leigd for føremålet. Så var det ein ny periode i Bøndernes Hus 1934-1938 og på St. Olavs plass 1938-1945. Det vart innsett nazistisk leiing for teateret i åra 1942-1945, noko som førte til publikumsboikott.

I 1945 flytta så teatret til det tidlegare Casinos lokale i Stortingsgata 16, og vart verande der til den nye bygningen i i Kristian IVs gate kunne takast i bruk i 1985.

Eigedomstilhøve og organisering

Teatret i privat eige, som einaste større teater i Noreg, i form av eit lutlag. Sidan Det Norske Teatret LL mottek om lag 100 millionar årleg i tilskot (2009) peiker Kulturdepartementet ut kandidatar til styret, og tre av dei sju medlemmane og deira vararepresentantar skal veljast mellom desse. Dei tilsette vel to styermedlemmar, og dei to veljast fritt av årsmøtet. Leiaren skal veljast mellom dei som ikkje er valde etter framlegg frå departementet. Den største eigaren i lutlaget er Bondeungdomslaget. Mållag, ungdomslag og privatpersoner over heile landet eig òg luter.

Sjefar for Det Norske Teatret

Billett, Det norske teatret 1992. Tolvskillingsoperaen

Referansar

  1. Skre, A. 2011:435.
  2. Fidjestøl, A. 2014:170-171.

Kjelder og litteratur

100-årsjubileet for Det Norske teatret markert utanfor teaterbygningen i Kristian IVs gate 8 i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)

Koordinater: 59.91525° N 10.73865° Ø