Sigurd Eldegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå Aftenposten 23. oktober 1931; utsnitt frå omtale av Sigurd Eldegard ved 40-årsjubileet som skodespelar.

Sigurd Eldegard (fødd 16. juli 1866 i Årdal, død 30. januar 1950) var forfattar og skodespelar. Han var mellom anna skodespelar ved Nationaltheatret i ei årrekke, og teatersjef på Det norske teatret 1918–1920.

Familie

Sigurd Eldegard var son av Sjur Ingebrigtsson Eldegard (f. 1834) og Johanne Jørgensdotter Eldegard, født Vetti (f. 1837). Han vart døypt Sjur, men tok seinare namneforma Sigurd. Han var gift i Kristiania i 1895 med Mathilde Fredrikke, født Wettre (1871-1958). Paret fekk fire born.

Liv

Sigurd Eldegard tok examen artium i 1889 og vernepliktig offiserseksamen i 1890. Som skuespiller debuterte han 24. oktober 1891 på Christiania Theater som Thorolf i Henrik Ibsens Hærmendene på Helgeland. Han var ved Christiania Theater i seks år, deretter var han to år ved Fahlstrøms teater, så ved Laviks Sekondteater. Seinare gjekk han til Nationaltheatret hvor han var resten av karrieren, med unntak av åra 1918-1920, da han var teatersjef på Det norske teatret.

Sigurd Eldegard skreiv óg mange skodespel og bøker. Mest kjend er nok Fossegrimen, som hadde stor suksess på Nationaltheatret i 1903.

Ettermæle

Sigurd Eldegard er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Litteratur og kjelder