Nicolay Grevstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Nicolay Grevstad
Foto: Allkunne

Nicolay Grevstad (fødd 2. juni 1851 i Sykkylven, død 20. februar 1940 i Chicago) var ein norskamerikansk pressemann, politikar og diplomat. Foreldra var husmann og skreddar Karl Nicolai Simonsen og jordmor Birgitte Andersdatter Skjetlein. Grevstad vart i 1878 gift med Maren Martine Berger.

Grevstad budde i Sykkylven til han vart konfirmert. Etter konfirmasjonen var han nokre år handelsbetjent i Ålesund. Så gjennomførte han lærarseminaret på Stord før han i 1872 reiste til Kristiania og byrja på Heltbergs privatskule. Han tok examen artium i 1878. Deretter studerte han jus ved universitetet i hovudstaden og vart cand.jur. i 1878. Etter ein periode som advokatfullmektig og som tilsett i Justisdepartementet, vart han i 1880 tilsett som redaktør av Dagbladet. Han var ein trufast støttespelar for Johan Sverdrup, noko som bidrog til at han i 1883 måtte gå av som redaktør.

Nicolay Grevstad emigrerte i 1883 til USA. Han oppsøkte det norske kjerneområdet i Minnesota og vart journalist i den norskspråklege avisa, Nordvesten i St. Paul. Han heldt oppe kontakta med politiske vener i Noreg og organiserte innsamling blant norskamerikanarar for det nystifta Venstre-partiet. Ein vesentleg del av partiets budsjett vart den første tida dekt av desse midlane. I 1886 bad Johan Sverdrup Grevstad kome heim for å leie redaksjonen i ei planlagt regjeringsvennleg avis. Etter eit halvt år i hovudstaden vart han lei det han opplevde som småleg kiv, og reiste tilbake til USA.

Grevstad hadde gode engelskkunnskapar og fekk snart oppgåver i engelskspråkleg presse. I 1887 vart han tilsett som journalist i Minneapolis Tribune. Han vart snart leiarskribent. I 1890 vart han sjefredaktør i ei ny avis; Minneapolis Times. Han motarbeidde republikanarane sin guvernørkandidat, og då denne vart valt kom han igjen i ei politisk klemme. Det førte til at han måtte gå frå stillinga si. Han fekk i staden tilbod om å bli korrespondent i Minneapolis for den norskspråklege avisa Skandinaven. Her var han nokre månader i 1892, før han same året flytta til Chicago for å bli avisas sjefsredaktør.

Framleis heldt han kontakta heimover, og ved nokre høve, i samband med ulukker, organiserte han innsamlingsaksjonar i det norske Amerika. I 1906 vart han utnemnt til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Skandinaven støtta det republikanske partiet, og i 1911 vart Grevstad utnemnt til USA sin offisielle representant i Uruguay og Paraguay. Ministerpostane hadde han i fire år. Då han kom tilbake til USA hadde han ulike oppgåver, mellom anna leia han det republikanske partiet si presseteneste for framandspråkleg presse. I 1930 vart han igjen redaktør i Skandinaven, ei stilling han hadde til han døydde. Eitt år etter at han døydde, gjekk avisa inn. Det var ikkje lenger marknad for ei norskspråkleg avis i USA.

Nicolay Grevstad hadde heile livet ei stor interesse for juridiske emne, og han skreiv mellom anna om jurysystemet. I amerikanske tidsskrift og aviser skreiv han elles artiklar om dei norske forlikskommisjonane, noko som bidrog til at fleire amerikanske statar innførte såkalla «courts of conciliation».

I hans fødekommune Sykkylven er plassen nedanfor kommunehuset oppkalla etter han: Nicolay Grevstads plass.

Kjelder