Vik skule
Vik skule var ein skule i Vik krins i Sykkylven. Skulen var i drift frå 1967 til 2023 då elevane ved skulen var flytt over til den nye Aure barneskule i Aure-krinsen. Her møtte dei elevar frå Aure og Ullavik skular som også vart lagde ned på same tid. Politikarane avgjorde at Vik skule skulle rivast, og rivearbeidet starta eitt år etter at elevane flytta ut.
Opning i 1967
Det var 1. august 1966 at Sykkylven kommunestyre gjorde vedtak om bygging av ny Vik skule. Dette var eit resultat av den sterke folketalsveksten i sentrumsområdet i kommunen i 1950- og 60-åra. Vik krins var ein av dei krinsane i kommunen som voks raskast. I 1954 hadde dei løyst plassmangelen ved den gamle Vikeskulen ved å føre borna i storskulen over til Aure skule. I 1950 var det vel 4000 personar busette i Sykkylven, i 1970 var folketalet auka til 5600 personar. Kommunen engasjerte seg i tilrettelegging for bustadbygging og dei første kommunale byggjefelta vart lagde ut, mellom dei var feltet i Høgebøane med 30 tomter. Det var ei målsetjing å få høvelege skulebygg i nærleiken av der det budde mange born. Allereie i 1956 gjorde kommunestyret eit samrøystes vedtak om å byggje ny skule på Vik, men det tok tid før vedtaket vart følgt opp. Etter kvart auka trykket og med den folketalsveksten som var i Sykkylven nest største krins, var det i 1960 klart at ein i Vik krins ville kunne få ein fulldelt skule i løpet av få år. Det var byggmeister Arne Flaate som fekk hovudentreprisen på bygginga, og skulen skulle etter tilbodet koste 1 million kroner. Både budsjett og framdriftsplan heldt, og i august 1967 var det opningsfest der nytilsett rektor Svein Helgheim var programleiar. L.K. Hjelle hadde vore leiar for byggjenemnda og han kunne opplyse at skulen vart bygd etter eit modulsystem som den første skulen i landet. Arkitekt var Sykkylvens eigen Karstein Oddmund Vik. Fulldelt skule
Engasjerte foreldre
I første byggjesteget var det ikkje teikna inn nokon gymnastikksal, økonomien tillet ikkje det. Det største klasserommet vart teke i bruk i gymnastikktimane. Det la ein del avgrensingar på aktivitetane, og førte til at mykje av kroppsøvinga skjedde utandørs. Idrettskonsulent i regionen, og tidlegare storturnar, Kåre Viken, meinte at det stilte nokre ekstra krav til foreldra: Dei burde invitere med borna på turar i skog og fjell og stimulere borna si interesse for gymnastikk og friluftsliv. Dette introduserte tema som prega Vik skule gjennom alle år - ein aktiv bruk av det utvida klasserommet, nærnaturen og sterk involvering av lokalsamfunnet. Tidlegare rektor ved Vik skule, Olav Urke, tok til som lærar ved skulen i 1975. Då kom han til eit skulemiljø som var vel fungerande, med foreldre og nabolag som engasjerte seg i skulen sine aktivitetar. Skulen var fulldelt, det vil seie at det var ei klasse for kvart årssteg. Vanleg klassestørrelse var den gongen 30 elevar, og det normale var at det var éin lærar i klasserommet. Var det behov kunne ein få inn ekstraressursar. I desse åra var det ei styrking av fagmiljøet rundt skulane. Det var auka medvit om at ulike born kunne ha ulike behov, og at ein trong nye faggrupper for å gje eit opplegg som var best mogleg tilpassa einskildelevane sine føresetnader. I 1974 vart det oppretta eit felles pedagogisk-psykologisk kontor for kommunane Norddal, Stranda og Sykkylven. Frå 1978 fekk Sykkylven sitt eige PP-kontor.
6-åringane inn i skulen
I 1976-77 vart det bygd gymnastikksal langs Vike-elva som eit vinkelpåbygg til det første byggjesteget. Det vart ein ny kvardag både for elevar, lærarar og lokalmiljø då gymnastikksalen kunne takast i bruk. Salen gav ikkje berre langt betre vilkår for kroppsøvingar og balleikar av alle slag, men gav også ei flott ramme for dei store dagane i året i Vike-krinsen. Her var det skuleopningar og avslutningsfestar, hit kom bygdefolket for å feire 17.mai og halde julefestar. Skulen opna også bygget for trim- og idrettsgrupper av mange slag. Den aktive Vik Bordtennisklubb, skipa i 1972, var ei av gruppene som fekk tilhald her. Olav Urke vart rektor ved skulen då Svein Helgheim vart vald til ordførar i 1986. Urke var rektor heilt fram til 2000, berre med eit lite avbrekk mellom 1990 og 1992 då Helgheim gav ordførarkjedet over til Arnold Weiberg-Aurdal for ein halv kommunestyreperiode. Skulen vart påbygd i 1980-åra med ein del som inneheldt både eit stort musikkrom og eit klasserom. Dette vart omgjort til SFO-avdeling i samband med at 6-åringsreforma vart introdusert i 1997. Då kom det eit nytt årskull til skulen i tillegg til at barnetalet i krinsen voks. Det var kring 180 elevar på det meste ved skulen i 1990-åra, minnest Olav Urke. Då kom også det siste bygningssteget, eit solid påbygg i teglstein teikna av arkitekt Odd Holen og oppført av entreprenørane Per Jan Brekke og Terje Frøystad.
Kino i skulen
I 2000 vart Harald Eidsaa tilsett som ny rektor medan Urke fekk stillinga som inspektør. I åra framover skjedde det mykje ved skulen, både ute og inne. I samarbeid med foreldregruppa, med pådrivar Bjørg Schmidt i spissen, fekk skulen opp den første ballbingen i kommunen. Bingen vart ein ettertrakta boltreplass for born og unge både i skuletida og i fritida. At bana også vart brukt etter skuletid fekk rektoren stadesta gjennom fleire klager som kom frå naboar over støy frå ballar som klaska mot bingeveggen. Skulen var også tidleg ute med å ta i bruk datamaskinar i undervisninga. Dei fekk overta eit heilt klassesett med dataterminalar frå Ekornes og dei fekk tak i ein eigen dataserver frå eit firma i Ørsta. Den datakunnige læraren Erik Olstad tok på seg ansvaret for dataopplæringa. På same tid pussa dei opp kjøkkenet til skulen. Etter ei tid fekk dei i gang ein kino på skulen. Det var bomberommet i påbygget frå 1980-åra som vart nytta som kinosal. Der laga dei til eit amfi slik at alle skulle sjå lerretet. Elevane dreiv kinoen og dei selde både brus og popcorn i samband med forestillingane som skjedde eit par gonger om månaden. Vik skule var ein av to skular i landet som hadde eigen barnefilmklubb. Ved eitt høve fekk elevane laga sin eigen spelefilm. Det var ein politi- og røvarhistorie, og lensmannskontoret stilte med uniformert politibil slik at realismen skulle bli størst mogleg. Til premiera rulla dei ut den raude løparen og familiar og nabolag vart inviterte inn for å sjå.
Byggslitasje
Det var Edna Lillebø Krøvel som tok over som rektor då Harald Eidsaa slutta i 2006. Det som særprega skulen i følgje henne var det gode arbeidsmiljøet. Lærarkollegiet hadde kompetanse på mange område og fylte kvarandre godt ut. Eit pluss ved skulen var at det var god kjønnsbalanse blant lærarane. Fokuset var på elevane og mottoet til skulen var «enkelteleven i sentrum.» Mot slutten av rektorperioden til Lillebø Krøvel kom diskusjonen om bygging av ein felles sentrumsskule. Det var usikkert når den kom, men det var klart at både lærarar og mange av foreldra ønskte seg til den nye skulen sjølv om det skulle bli lenger skuleveg for borna. Den eldste delen av skulen byrja å bli slitt, fleire påbygg hadde gjort skulen litt tungdriven. Det var mange trapper og vinklar å forsere. I gamledelen var det byrjande rotesakadar og det hende dei måtte setje ut bøtter på golvet for å samle vatn som draup frå taket. Kommunen sine folk gjorde det dei kunne for å halde byggstandarden oppe, men dei store tiltaka vart utsette i påvente av at lagnaden til skulen skulle bli avklara.
Rusta for Korona
Siste rektoren i soga til Vik skule var Knut Orre. Sjølv om skulen hadde hatt ei pionerrolle i innføringa av dataverktøyet i undervisninga, hadde det skjedd mykje på den fronten fram til han tok til på skulen i 2014. Noko av det første han tok tak i var å fjerne dei gamle dataterminalane med stasjonære maskinar og båsinnramming. -Vi tok i bruk berbare PC-ar som gav langt meir fleksibel bruk, og der ein ikkje trong å vente i ti minutt for å logge seg på, seier han. Siste tida var det Chromebooks som galdt, sjølv om dei var opptekne av at ikkje alt skulle skje gjennom skjermen. Ein oppdatert datapark gjorde det likevel lettare for dei ved Vik skule å kome inn i nye arbeidsrutinar under Korona-epidemien. Då undervisninga måtte flyttast frå skulen til heimane og med datakommunikasjon mellom elevar og lærarar, var dette noko dei hadde gode føresetnader for å takle.
Det utvida klasserommet
Uteområdet vart heilt til det siste nytta aktivt av skulen. I samband med seksåringsreforma fekk dei utvida utearealet med ein grusplass heilt ned til vegen. Orre fortel at dei i hans tid som rektor fekk flytta ein del av kunstgrasdekket frå stadion på Aure til skuleområdet. Bana vart mellom anna nytta i dei årlege straffesparkkonkurransane mellom elevar i 7.klassa og lærarane, som lærarane som regel vann. Det var mange flinke fotballspelarar mellom lærarane ved Vik skule. Elles vidareførte dei prosjektet skulen hadde vore involvert i vedrørande Vikeelva. I samarbeid med det lokale elveeigarlaget, og eldsjel Jan Melseth, var dei med å setje ut lakseyngel. Dei hang også opp fuglekasser og bidrog til ringmerking av fuglar ved elva. På denne måten flytta dei ein del av naturfagundervisninga frå klasseromma og ut i naturen. Eit anna trekk i skuleutviklinga dei siste åra er eit mykje sterkare innslag av born som er fødde i andre land. Vik skule tok også i mot born av arbeidsinnvandrarar og flyktningar, og Knut Orre meiner at integreringa av dei nye elevane gjekk greitt, ikkje minst takka vere allsidige personalressursar og samarbeidsviljuge foreldre.
Kjelder:
- Jon Hole/Mindor Hjellegjerde: Sykkylven kommune/Sykkylven kyrke 1883-1983. Sykkylven 1983.
- Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.
- Informantaner: Olav Urke, Per Grønli, Harald Eidsaa, Edna Krøvel Lillebø, Knut Orre, Kjell Løseth.
- Sykkylvsbladet/Nyss