Svein Helgheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Svein Helgheim (fødd 8. juli 1934 i Jølster i Sunnfjord, død 12. mars 2019) var ordførar i Sykkylven frå 1987 til 1999. Perioden 1991-1995 delte han ordførarvervet med Arnold Weiberg-Aurdal, som sat som ordførar i åra 1991 og 1992.

Etter at han var ferdig med militærtenesta, gjekk han handelsskule på Stranda. Deretter bar det til Volda og fireårig lærarutdanning ved Volda lærarhøgskule. Då han var ferdig med lærarutdanninga, i 1962, fekk han arbeid som lærar i heimbygda, Jølster. Etter eitt år i Jølster fekk han lærarstilling ved Tandstad skule i Straumgjerde i Sykkylven. Her var han i tre år før han supplerte utdanninga si med to grunnfag ved lærarhøgskulen i Trondheim, historie og pedagogikk. Då kunne han kalle seg adjunkt. Den nye Vik skule i Sykkylven stod ferdig i 1968, og Svein Helgheim vart då rektor her.

Helgheim engasjerte seg mykje i Friundervisninga i Sykkylven, og var leiar i Friundervisninga då den vidaregående skulen i Sykkylven vart skipa i 1974, dels ved hjelp av kurs i regi av friundervisninga.

Som politikar representerte han Høgre. Han kom første gongen inn i kommunestyret i 1980, og sat der fram til 1999. Frå 1984 hadde han plass i formannskapet. Som ordførar la Helgheim vekt på å få til samarbeid om konkrete løysingar til beste for kommunen. Om dette sa han i eit intervju med Sykkylvsbladet i 1994: "Eg har den innstillinga til arbeidet i kommunestyret at eg vil prøve å leggje til rette for løysingar som eit fleirtal kan stå bak. Andre meiner nok at eg skulle vere meir markant og få fram dei skiljelinjene som ligg der ein stad." Mellom sakene Helgheim var særleg nøgd med at han fekk vere med å realisere, var det nye helse- og sosialsenteret i Haubukta.

I 1988, då hjørnesteinsbedrifta, J.E. Ekornes, sleit med lønsemda, tok Helgheim initiativ til eit møte for å prøve å fremje alternativ næringsvekst i Sykkylven. Kommunen hadde i mange år hatt eit einsidig næringsliv der møbelindustrien var heilt dominerande. Møtet vart starten på ein prosess som førte til skipinga av Sykkylven Næringsutvikling. Dette selskapet har frå starten vore eit samarbeidstiltak mellom industrilaget i Sykkylven og Sykkylven kommune for å hjelpe fram nyetableringar i kommunen.

Helgheim heldt fram med samfunnsinnsats også etter at han gjekk ut av kommunestyret. Mellom anna var han ei årrekkje styreleiar i Aure omsorgsbustader.

Svein Helgheim døydde i 2019.

Kjelder

  • Jon Hole/Mindor Hjellegjerde: Sykkylven kommune - Sykkylven kyrkje 1883 - 1983. Sykkylven 1983.
  • Eldar Høidal: Sykkylven vidaregåande skule 25 år 1974 - 1999. Sykkylven 1999.
  • Sykkylvsbladet 8.7.1994.