Karstein Oddmund Vik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Karstein Oddmund Vik med studentlue.
Foto: Ukjent

Karstein Oddmund Vik (fødd 24. oktober 1919, død 26. desember 2003) var ein arkitekt og oppdrettspioner frå Sykkylven. Etter framhaldsskule og middelskule på Sjøholt og i Volda byrja han på toårig gymnas på Nordfjordeid. Han bestemte seg tidleg for at han ville bli arkitekt, sjølv om det var få som den gongen visste kva ein arkitekt var. Det var smått med midlar i heimen, men foreldra, Klaus og Anna Vik, hjelpte til som best dei kunne. Med lån og eige inntektsbringande arbeid gjennomførte han arkitektstudiet ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim. I 1942 tok han eit opphald i studiet og reiste tilbake til Sykkylven. Her kom han i gang med ein armaturfabrikk, INO, saman med slektningen Haldor Vik. I 1943 vart han gift med Borgny Liv Digernes frå Ørsta. Med dottera Anita, som vart fødd i 1945, reiste dei til Trondheim i 1947 så han kunne fullføre arkitektutdanninga. Møbelprodusenten Jens E. Ekornes i Sykkylven gav han i oppdrag å teikne fabrikk på Ikornnes, og med dette arbeidet og nokre andre mindre jobbar finansierte han siste del av studiet.

Arkitekten

I åra som fulgte var det ei rik ekspansjonstid i den lokale industrien, og Vik teikna mange fabrikkanlegg, men også hus for private. I tillegg vart mange skular og rådhus på Sunnmøre forma på teiknebrettet hans. I heimbygda har han i tillegg til bustadhus, teikna rådhuset (1954), kulturhuset, bedehus og dei fleste skulane. Det siste bygget han fullførte var Sykkylven sjukeheim (første byggesteget).

Arbeidsdagen til Karstein Oddmund Vik starta klokka seks om morgonen og han sa at han alltid hadde den beste økta fram til kaffepausen klokka ti, hovudet var klarast og det var stilt i huset. Etter det byrja telefonen å kime, og den var for han eit viktig arbeidsredskap. Effektiv, som han var, tok han dei fleste avgjerder munnleg, oftast i telefonen, og avgrensa dermed skrivearbeidet til det mest nødvendige. Han arbeidde så fram til 1430 og åt middag saman med familien når borna kom frå skulen. Deretter var det middagskvild fram til halv fem då arbeidet tok til att, anten utomhus med ulike gjeremål i lyd og lag, eller på kontoret til langt på kveld. Denne arbeidsrytma heldt han fram med etter at borna var flytta heimanfrå og heile sitt yrkesaktive liv.

Han hadde fulltids hjelp til kontorarbeid, og i dei mest hektiske åra hadde han og ein tilsett arkitekt til teiknearbeid.

Karstein kjøpte ikkje bil før på slutten av seksti-talet, sjølv om han hadde hatt kjøpeløyve frå like etter krigen. Han sykla rundt i bygda og tok buss og drosje når avstandane vart for lange. Han var lett gjenkjenneleg med alpehua si (seinare sixpence), aldri med slips, men med tversoversløyfe.

Som alle arkitektar såg han naturleg nok svært fram til å få teikne sitt eige hus. I 1958, året etter at tomta på Hauneset var kjøpt, starta sprenging og bygging. Då var fleire utkast gjennomgått og forkasta. Alt vart teikna i minste detalj, ned til skap og dører. Kontora vart innflytte først, sommaren 1959, slik at han kunne fylgje med entreprenør Anton Aure og karane hans i snikkararbeidet og Alfred Klokk i målararbeidet.

Oppdrettspioneren

Den etablerte Karstein Oddmund Vik.
Foto: Ukjent

Det var innan oppdrettsnæringa han sette dei varigaste spora. Forsøk med oppdrett av fisk i kunstige miljø hadde blitt forsøkt allereie på slutten av attenhundretalet. Ivar Heggen frå Valldal byrja i 1917 med oppdrett i jorddammar. På same tid vart det forsøkt med oppdrett i saltvatn i Skodje kommune. Det var først etter siste verdskrigen at det vart alvor i forsøka med fiskeoppdrett. I dette arbeidet var brørne Karstein Oddund og Olav Vik pionerar. Interessa deira vart stimulert etter ei vitjing til Danmark i 1949 og kontakt med Ivar Heggen.

Brørne disponerte grunn ved Vikelva. Ved utløpet av elva grov dei ut ein dam for stamlaks som vart henta i fjorden. Dei viste at laksen tok til seg mat i fangenskap og at han var i stand til å formeire seg.

Innan 1955 hadde Vik-brørne grave ut tre jorddammar, ein for sjøvatn, ein for ferskvatn og ein for blandingsvatn. I ferskvatndammen dreiv dei forsøk med oppdrett av regnbogeaure. Det viste seg at auren greidde seg like godt i saltvatn, og oppdrett av regnbogeaure i saltvatn slo igjennom i 1960-åra. Frå 1959 gjorde dei forsøk med å setje aure og laks ut i flytekasser. Det var eit av dei første stega i utviklinga av sjøbasert oppdrett.

Mange kom til Sykkylven for å lære av oppdrettspionerane på Vikøyra. Fleire av dei som starta fekk den første setjefisken frå Sykkylven.

I 1959 etablerte Karstein Oddmund og Olav Vik selskapet Nor-Laks. Dei produserte både setjefisk og matfisk. Det var ei strek i rekninga då det viste seg at fiskekjøtet vart kvitt, medan villfisken hadde ein rosa farge. Dei byrja å eksperimentere med rekeskal i foret for å få på plass raudfargen. Det var vellukka, men forbrukarane i Noreg var likevel skeptiske til det nye produktet. Mesteparten av fisken frå Nor-Laks vart difor selt til Sverige.

Vik-brørne utvikla anlegget i Sykkylven, mellom anna med finansiell hjelp frå matvarekonsernet Unilever i første halvdel av 1960-åra. Dei fekk mellom anna på plass tilvenjingsanlegg for småfisk, pumpestasjonar og fryseri. I 1963 tok Nor-Laks i bruk brønnbåt for transport av settefisk av laks og regnbogeaure som var tilvent sjøvatn.

Etter nokre år med næringsmessige nyskaping og satsing som også inkluderte stor økonomisk risiko, slo brørne til på eit oppkjøpstilbod frå matvaregiganten Unilever. Karstein Oddmund Vik kunne då igjen konsentrere seg om arkitektgjerninga. I 1962 fekk han, saman med broren Olav, Selskabet for de Norske Fiskeriers Fremmes sølvmedalje med diplom for arbeidet med oppdrett av laks og regnbogeaure i saltvatn.

Allsidige interesser

Vik som pensjonist i Spania.
Foto: Ukjent

Karstein Oddmund Vik hadde allsidige interesser. Han var sentral i programarbeidet i Sykkylven frilynde ungdomslag i mange år etter 2. verdskrigen. Han var tekstforfattar til fleire revyar som henta materialet frå lokalmiljøet.

Han var også aktiv i musikkmiljøet og ei årrekkje var han blant drivkreftene i Musikklaget Lurlåt. Han var i ein lang periode etter krigen formann i Sunnmøre Hornmusikklag.

Frå 1956 var han aktiv i Sykkylven Rotaryklubb som han det året var med å skipe. Han var president i foreininga frå 1957 - 58 og distriktsguvenør frå 1977 - 1978. I 1981 vart han heidra med tittelen Paul Harris Fellow.

Etter at kona, Borgny, døydde i 1989, trappa han ned Rotaryarbeidet og trakk seg attende frå dei fleste av sine gjeremål, bortsett frå laksefisket som i alle år hadde vore ein kjær hobby. Han fann sitt paradis på jord; Costa Natura, ein liten naturistlandsby heilt sør i Spania tre mil aust for Gibraltar. Der kjøpte han seg etter kvart ei leilegheit og budde vintrane blant gode vener, «som i ein stor familie», som han brukte å seie. Somrane lokka heimbygda og laksefisket. Dette livet heldt han fram med så lenge helsa heldt.

Karstein Oddmund Vik døydde 2. juledag 2003 og vart gravlagt frå Sykkylven kyrkje.

Kjelder