Sykkylven Rotaryklubb

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven Rotaryklubb er ei Rotaryforeining i Sykkylven. Foreininga vart skipa i 1956 og naboklubben, Ålesund Rotaryklubb, var sentral i arbeidet med å få foreininga etablert. Ein representant frå ålesundsklubben kom til Sykkylven og hadde fleire møte med lege Morris Bendixen, fabrikkeigar og ordførar Fridtjof Fredriksen og banksjef Michael Opstvedt for å leggje eit grunnlag for etableringa. 20 personar vart kalla inn til eit første orienteringsmøte. Dei fleste av desse vart med i klubben, og det første medlemsmøtet vart halde 17. august 1956.

Skiftande klubblokale

Dei første medlemene i klubben var: Morris Bendixen, Knut Drabløs, Johan Eidem, Jens E. Ekornes, Arne Flaate, Fridtjof Fredriksen, Kåre W. Grebstad, Kjell Grebstad, Petter Hjorthol, Oddvar Rieve Kristiansen, Ole Karsten Lied, Michael Opstvedt, Ingmar Relling, Hermod Sagen, Bernt Tandstad, Petter K. Thoresen, Tryggve Toresen, Olav Vik, Karstein Oddmund Vik, Elias Vinje og Arnold Weiberg-Aurdal. Klubben var den tida berre open for menn, og dei fleste medlemene var sentrale i bygda sitt næringsliv. Mange hadde også lang kommunalpolitisk røynsle. Karstein Oddmund Vik var den sjølvskrivne foreiningsideologen. Han gjorde nesten Paul Harris rangen stridig, skriv mangeårig foreiningsmedlem Arnold Weiberg-Aurdal i klubben sitt femtiårsskrift. Vik er den einaste frå Sykkylven Rotaryklubb som har vore distriktsguvernør i Rotary, i perioden 1977/78.

Den første tida hadde rotaryklubben møta sine i kommunestyresalen i det nye kommunehuset. Det kom reaksjonar mot at eit lukka lag brukte kommunestyresalen på denne måten, så i februar 1957 vart møta flytta over til Sykkylven Sparebank sine lokale. Dei hadde tidlegare vore kommunestyrelokale. Ei tid vurderte Sykkylven Rotaryklubb og bygge eige klubbhus. Desse planane vart lagde vekk, og etter å ha skifta tilhaldsstad nokre gongar, nytta klubben Sunnmørsbanken sine møtelokale frå 1974 til 1989. Frå 1989 har dei hatt fast tilhald i kjellarsalen i det nye bygget til sparebanken.

Fast møtestruktur

Lengda på rotarymøta har vore fast, ein time, men møtetidene har endra seg noko. Første tida var møta på fredagane mellom kl. 1900 og 2000. Etter kort tid vart møtedagen flytta til onsdag, men framleis med starttid kl. 1900. Slik var det i 25 år, fram til hausten 1983 då møtestarten vart flytta fram til kl. 1800. Slik har det vore sidan.

Det har lenge vore ein fast struktur på rotarymøta. Dei startar med ein opningssong, så har medlemene på omgang eit Rotary-3 minutts innlegg med fritt vald tema. Deretter er det korte orienteringar om drifta av klubben og organisasjonen generelt. Så er det matykt og meir song, før det vert opna for ei lengre orientering, gjerne frå ein invitert føredraghshaldar. Klubben legg vekt på at medlemmene skal vere oppdaterte om slikt som røyver seg i samfunnslivet på ulike område. Likevel er det ein uskriven regel i laget at ein skal unngå diskusjonar om religion og partipolitikk. Eit av dei mest minneverdige føredraga stod skodespelar Edvard Drabløs for. Drabløs, som var fødd i Sykkylven, kåserte om Det Norske Teateret og framførte ei scene frå Jeppe på Berget, der Jeppe vaknar i baronens seng.

Dugnadsarbeid

Rotaryklubbane hadde dei første åra berre mannlege medlemer, men som føredragshaldarar var kvinnene velkomne. Anna Eidsvik Tandstad, kona til klubbmedlem Bernt Tandstad, var i 1960 den første kvinnelege kåsøren i klubben. Ho var mellom anna innom temaet "husmorlønn" som i følgje referatet gav opptakta til ein humørfylt diskusjon. Frå 1996 har det vore ope for kvinner å bli medlem i klubben, og Lise Løseth vart klubben sin første kvinnelege medlem. Marta Riber Roald vart i 2004 klubben sin første kvinnelege president.

Føremålet til Sykkylven Rotaryklubb er todelt: Ein vil ha ein møteplass der medlemene kan utvikle seg som medmenneske og samfunnsborgarar, og samstundes vil klubben vere ein organisasjonen som er til nytte for andre. Klubben var sentral då våningshuset på Lånagarden på Vik vart flytta til Sunnmøre Museum, Borgundgavlen. Dette prosjektet vart første gongen nemnt i møteboka i 1964. Foreininga har også hatt ein praksis med å ta i mot utvekslingsstudentar. Medlemene har sørga for at studentane, i første rekkje frå USA, har fått bustad, mat og annan oppfølgjing. Elevar frå Sykkylven har blitt sende andre vegen. Sidan 1993 har klubben organisert ei besøksteneste på Sykkylven Bu- og aktivitetssenter. Medlemene har også gjennomført dugnader i speidarhytta, Speidarbo, ved eldreinstitusjonane på Hauneset og i kyrkjeparken. Dei har vore med å støtte Prosjekt Filipinene som sykkylvskvinna May Britt Tynes står bak og dei har støtta utviklingsprosjekt i Afrika og vore med i arbeidet for å utrydde polio-sjukdomen.


Kjelde:

  • Ove Straumsheim: Tale ved 60-årsjubileet. Februar 2016.
  • Peder Myrstad, red.: Sykkylven Rotaryklubb 50 år. Sykkylven 2006.