Petter K. Thoresen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Petter K. Thoresen (fødd 1903, død?) var mekanikar og industripioner i Sykkylven. Thoresen var fødd i Hommelvik i Sør-Trøndelag. Han miste faren tidleg; i 1910 budde han på Vestre Lunden i Malvik med mora Kristen Thoresen, som var enkje, og to sysken.[1] Han vart gift med ei kvinne frå Stranda på Sunnmøre og etablerte seg med mekanisk bedrift der. Han var ikkje heilt nøgd med den tomta han hadde på Stranda, og vende auga mot nabokommunen Sykkylven. Her fekk han tilbod om ei sentral tomt, og han etablerte ei mekanisk verksemd i 1927.

P.K. Thoresen fekk mykje å seie for utviklinga av den tidlege industrien i Sykkylven. Det første året han var i kommunen var han med og bygde maskiner for Bernhard R. Tynes som starta med møbelproduksjon i 1927. Denne bedrifta vart den første i ei lang rekke i denne industrigreina som kom til i Sykkylven. Dei aller fleste av dei tidlege møbelgründarane rådførte seg med Thoresen for å få lagt opp produksjonen så rasjonelt som mogeleg. Den enkle hjulinnretninga som reiv opp hardpakka alfa, alfa-rivemaskina, og som alle stoppmøbelbedrifter i Sykkylven nytta, var Thoresen sin konstruksjon. Like eins utvikla han ei ny pussemaskin. Då Jens E. Ekornes kom i gang med fjørspinneverksemda si i 1934, var Petter Thoresen den viktigaste medhjelparen. Det var eit lukketreff for industrien i Sykkylven at P.K. Thoresen kom til kommunen i 1927. Han kunne neppe ha kome på eit gunstigare tidspunkt.

Hovudproduksjonen til P.K. Thoresen Mekaniske Verksted var lenge den såkalla Universalvinsjen til bruk for landbruk og anlegg. Vinsjen vart serieprodusert og seld både i Noreg og i utlandet. I tillegg tok altså verksemda på seg mange spesialoppdrag for den lokale industrien, og Thoresen laga både trebearbeidingsmaskinar og verkty.

Bedrifta hadde ikkje mange arbeidarar. Tre-fire tilsette var det på det meste. Til vanleg hadde Petter Thoresen ein eller to hjelpesmenn. I 1952 vart han intervjua av Sykkylvsbladet i samband med at han laga heisegognene til det nye ferjeleiet på Aure. Thoresen vart spurd om han ikkje ville slå litt større på det og tilsette fleire folk. Han svara: "Nei, eg trivst best med å drive sånn i det små. Eg er ikkje sunnmøring, ser du!"

Etter at P.K. Thoresen fall frå, tok sonen, Petter Inge Thoresen, over Thoresen-smia som bedrifta heitte på folkemunne. Han tok på seg ymse reparasjonsoppdrag. No er bedrifta nedlagt.

Referansar

  1. Petter Toresen i folketelling 1910 for Marvik herred fra Digitalarkivet.

Kjelder