Skodje kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Skodje)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skodje kommune
1529 Skodje komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1529
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Skodje
Areal i  km²(2020) 120,03 km²
Folketal 2020 4680 (2018)
Grunnlagt 1849
Opphørte 2020
No del av Ålesund kommune
Målform Nynorsk

Skodje kommune eller Skøye var ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen låg på nordsida av Storfjorden og grensa mot Haram, Ålesund, Ørskog og Sykkylven. Administrasjonssenteret låg i Skodje. 1. januar 2020 gjekk Skodje inn i den nye storkommunen Ålesund.

Dei større grendene i den tidlegare kommunen er Engeset, Stette, Valle og Brusdal. I sør grensa kommunen mot Storfjorden. Engsetdalsvatnet og Brusdalsvatnet er større vatn. Det er berre ei kyrkje i Skodje kommune, Skodje kyrkje.

Skodjebruane er to eldre vegbruer ved Straumen. Gamle Skodjestraumen bru er Noregs største hvelvbru bygd i stein. Bygginga av bruene byrja i 1911, og dei sto ferdige i 1919. Vegen blei ikkje opna før i 1922. Skodjestraumen bru som blei bygd i 2004 erstatta dei to gamle bruane, som samtidig vartstengt for biltrafikk.

Kommunehistorikk

Skodje kommune har hatt fleire endringar når det gjeld kommunegrensane, og har i periodar vært samanslått med sine nabokommunar.

  • Frå 1837 var Skodje ein del av Borgund formannskapsdistrikt, men blei etablert som eigen kommune ved frådelinga i 1849. Den nyoppretta kommunen hadde 2 170 innbyggjarar.
  • Skodje og Vatne (truleg tilsvarande Vatne kommune) låg i 1589 under Borgund prestegjeld, heilt til dei blei eige prestegjeld frå 1. mai 1858 etter kongeleg resulsjon av 12. januar 1858.
  • 1. januar 1902 blei Skodje delt og Vatne etablert som eigen kommune med 1 547 innbyggjarar. Skodje hadde 1 551 innbyggjarar etter delinga.
  • 1. januar 1916 blei ein liten del av Skodje, med 14 innbyggjarar, overført til Borgund kommune.
  • 1. januar 1965 blei Skodje slått saman med Stordal og Ørskog til den nye storkommunen Ørskog kommune. Skodje hadde 2 047 innbyggjarar då han opphøyrde som eigen kommune.
  • 1. januar 1977 blei Ørskog kommune delt i tre: Skodje, Stordal og Ørskog kommunar. Då Skodje gjenoppstod som sjølvstendig kommune, var innbyggjartalet 2 634.
  • I 2016 vedtok kommunestyret i Skodje samanslåing med Ålesund og Sandøy. Dette skjedde i samband med kommunereformen 2014-2018.

Eksterne lenkjer