INO Armaturer

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

INO Armaturer var ein produsent av lampar og lampettar i Sykkylven. Det var Karstein Oddmund Vik som tok opptaket til armaturverksemda. Vik hadde studert ei tid ved den tekniske høgskulen i Trondheim då han kom attende til Sykkylven og skipa INO Armaturer i 1942. Han var enno ikkje ferdig med arkitetutdanninga, men tyskarane bidrog til å øydelegge undervisningstilhøva, så han fann å måtte ta ein pause.

Karstein Oddmund Vik gjekk i lag med Haldor Vik om armaturfabrikken. I tillegg var det året etter oppstartinga to mann i produksjonen.

Bedrifta hadde kontakt med Daniel Hagerup, som utvikla modellane. Særleg var det eitt kjent motiv som INO Armaturer sette i produksjon. Det hadde tittelen «Kan du ikke tale» og forestilte ein hund vend mot eit lite barn.

Ei tid heldt verksemda til i øvste høgda av fabrikken til L.K. Hjelle. Seinare flytta dei over i lokala til Viko Konfeksjonsfabrikk.

I 1944 løyste K.O. Vik ut Haldor Vik og vart eineeigar. Haldor Vik laga eit par år framover lampar for eiga rekning i kjellaren heime.

INO Armaturer var i drift til 1947. Då reiste Karstein Oddmund Vik til Trondheim att og fullførte arkitektutdanninga.

Kjelde