L.K. Hjelle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stopping av puter hjå Hjelle i 1960-åra (ukjend fotograf).

L.K. Hjelle er ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1940 av Lars K. Hjelle og svograne hans, Arne Welle og Petter Furseth. Første tida var bedrifta spreidd over seks forskjellige kjellarlokale i Sykkylven, men i 1942 bygde dei fabrikk på Vikøyra. Då var talet på tilsette kome opp i 16. Første byggesteget var på ei høgd, men fram til 1947 var bygget utvida til å omfatte tre høgder. Bedrifta hadde då kapasitet til å ta seg av treverkproduksjonen sjølv.

I 1944 løyste L.K. Hjelle ut medeigarane, og han stod då att som eineeigar.

L.K. Hjelle engasjerte seg tidleg i eksport. Han tok til orde for at bedrifter på Sunnmøre måtte gå saman i eksportorganisasjonar for å få større tynge i eksportframstøytene. L.K. Hjelle Møbelfabrikk var mellom dei tjue møbelbedriftene som i 1956 gjekk saman i Norwegian Furniture Export Company Ltd. I 1965 gjekk heile 60% av produksjonen til utlandet.

I 1966 gjekk møbelfabrikken over til å bli aksjeselskap. Då hadde også sønene til L.K.Hjelle, Lars og Jarle, kome med i bedriftsleiinga. Året etter flytte dei inn i moderne fabrikklokale i ei høgd og med ei flatevidd på 2000 kvadratmeter. Det nye bygget med tilhøyrande produksjonsopplegg var planlagt i samråd med rasjonaliseringsekspertar ved Statens Teknologiske Institutt.

Sist i 1960-åra satsa L.K. Hjelle Møbelfabrikk AS sterkare på heimemarknaden att. Heile tida har bedrifta produsert salongar, sofaer og stolar i det øvre kvalitets- og prissjiktet. Bemanninga låg lenge stabilt mellom 30 og 40.

Sofaen Ugo, eitt av fabrikkens nye flaggskip. Design: Norway Says (bilete frå L.K. Hjelle).

Kring år 2000 gjekk L.K. Hjelle inn i eit samarbeid med designargruppa Norway Says. Bedrifta fekk då to kolleksjonar; ein for tradisjonelle stoppamøblar og ein for såkalla samtidsmøblar som var basert på modellane til Norway Says. Eit av dei første produkta frå Norways Says var sofaen Hal som bedrifta og designarane seinare har fått mange prisar for. Nye sofamodellar kom til dei følgjande åra, mellom anna Ugo og Break. L.K. Hjelle er den sykkylvsbedrifta, ved sida av Ekornes, som er mest kjent og mest profilert i utlandet. Marknadsinnsatsen og salet er likevel størst i Noreg, sjølv om bedrifta nokre år satsa tungt på å kome inn i den svenske marknaden.

I 1995 førte bedrifta opp eit nytt, karaktersterkt tilbygg som m.a. inneheld utstillingsrom og kontorlokale. Tilbygget er teikna av Molde-arkitekten Kjell Kosberg.

I dag er generasjon nummer tre i Hjelle-familien med i leiinga av verksemda. Jens Peter Brunstad er dagleg leiar. L.K. Hjelle hadde i 2021 33 tilsette.


Kjelder