Viko Konfeksjonsfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Viko Konfeksjonsfabrikk var ein produsent av dame- og herrekonfeksjon i Sykkylven kommune. Samstundes som møbelindustrien voks fram i kommunen, i mellomkrigsåra, kom det også til fleire konfeksjonsverksemder. Møbelindustrien heldt fram med ekspansjonen etter krigen, medan konfeksjonsverksemdene etter kvart vart lagde ned, slik som Viko.

Viko vart starta av Olav O. Vik og Bjarne Enstad i 1939. Olav Vik hadde i fire år hatt eigen konfeksjonsfabrikk då han var med og skipa A/S Viko Konfeksjonsfabrikk. Vik og Enstad reiste same året eit fabrikkbygg i ein etasje på ei tomt under Fenrikgarden på Vik. I 1946 vart bygget utvida med ein etasje til, slik at den samla golvflata vart 300 m2.

Første tida baserte dei seg på leigesaum. Etter krigen fall leigesaumen bort, og verksemda fekk formell godkjenning som konfeksjonsfabrikk. Det førte til at dei fekk kjøpe stoff frå produsentane til fabrikkpris.

Frå 1946 laga bedrifta i hovudsak kåper, men det vart også levert dressar og frakkar. Varene vart omsette over heile landet, men størstedelen gjekk til Oslo, Stavanger, Ålesund og Finnmark.

Etter at Viko Konfeksjonsfarbikk la hovudvekta på damekonfeksjon, opplevde dei at det vart hyppigare skifte i modellutvalet. For å halde seg aktuelle i motebiletet måtte dei skifte fargar og snitt kvar sesong, det vil seie eit par gonger kvart år. Dette kravde ein stor del av ressursane til den vesle bedrifta, og det gjorde at det var vanskeleg å halde ei tilstrekkeleg breidd i modellutvalet.

Sjølv om verksemda fekk ry for å utføre kvalitetsarbeid, vart ikkje lønsemda den beste då det leid ut i femtiåra.

Talet på tilsette i Viko nådde ein topp i 1951 med 27 arbeidarar, dei fleste kvinner.

I 1958 trekte Bjarne Enstad seg ut av sameiget og byrja som tilskjerar ved J.E.Ekornes Fabrikker A/S. Olav O. Vik vart då eineaksjonær. Han dreiv bedrifta til midt i sekstiåra, då den siste arbeidaren slutta.

Etter at konfeksjonsverksemda vart avslutta i industribygget har det vore nytta til ulike føremål. Ei tid heldt Andor Løseth til her med verksemda Maskinservice AS. I 2013 vart bygget omgjort til bustadføremål.

Kjelde