Sykkylven indremisjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det fyrste bedehuset, som sto ferdig i 1892. Teikning av Martin Furseth.

Sykkylven indremisjon er ei misjonsforeining i Sykkylven. Skipingsdatoen til foreininga er 9. desember 1888, og det første styret var samansett slik: Peter O. Eidem, leiar, Sven A. Ullavik, nestleiar, Lars P. Grebstad, skrivar og Nils C. Aure, kasserar. I januar same året kom det i gang ei misjonsforeining i Hundeidvik og året etter fekk dei også misjonsforeining i Velledalen.

Utløysande årsak til at det kom i gang tre misjonsforeiningar i Sykkylven på om lag eitt år, var virket til vekkingspredikanten Paul Gerhard Sand frå Biri. I 1888 var Sand i Sykkylven og tala, mellom anna i sykkylvskyrkja. «Sand stansa berre nokre dagar, men det var lenge nok til at heile bygda kom i rørsle. Det vart ei folkevekking som Sykkylven aldri har sett maken til anten før eller sidan,» skriv Oscar Handeland i boka Vårløysing II.

Tidlege år

Peter O. Eidem, den fyrste formannen.

Dei første åra vart samlingane lagt til private heimar og til skulehuset på Aure. Dei vekte ønskte snart å få eit hus der dei kunne kome saman til møte. I 1892 kunne dei ta i bruk det første bedehuset, Bethania. Huset hadde 200 sitjeplassar.

Sykkylven opplevde fleire vekkingar i åra framover. I 1925 var det sekretær i Sunnmøre indremisjon, Lars Lied, som gjennomførte ein taleserie her. Også i 1931 og 1942/43 var her vekkjingsbølgjer.

Nytt bedehus

Det gamle bedehuset viste seg i åra etter siste verdskrigen å vere for lite. I januar 1957 gjorde foreininga vedtak om å byggje eit nytt bedehus. Grunnsteinsnedlegginga var 9. august 1958 og huset blei vigsla i mai 1960. I åra framover vart bedehuset nytta til møte, festar, basarar, konsertar og barne- og ungdomsarbeid. Etter kyrkjebrannen i 1983 vart bedehuset brukt som interimskyrkje fram til den nye kyrkja stod ferdig i 1990.

Song og musikk

Marie og Martin Lyshol. Martin var dirigent for bedehuskoret i nesten 40 år.

Songen og musikken har alltid stått sterkt i arbeidet til Sykkylven indremisjon. Det gjekk ikkje lang tid etter innviinga av huset før dei organiserte eit song- og musikklag som tok del i møta. Forutan songarar var musikklaget samansett av utøvarar på fele, sitar og fløyte. I 1911 vart det starta eit kor i bedehuset. Det var Karolus Blindheim og Martin Lyshol som gjorde opptaket til dette. Martin Lyshol hadde gått i musikklære på Moskenes i Lofoten, og lærde også å spele fele. Han hadde elles vore dirigent på Stranda ei tid. Då han kom tilbake til Sykkylven tok han med ein gong fatt på arbeidet med song og musikk i bedehuset. Om lag 20 songarar var aktivt med i den første tida.

Det var båredalar i musikkarbeidet, men i 1936 kom det i gang eit musikklag som framleis i 2013 eksisterer, Credo Brass og Vokal. Den største veteranen her er Reidar Skotte som har vore med heilt frå starten.

Barne- og ungdomsarbeid

Sykkylven bedehus i 2014.

I bedehuset har det også vore drive mykje barne- og ungdomsarbeid. I 1927 var misjonsforeininga med å skipe Den kristne ungdomsforeining. For ikkje å skape konkurranse mellom denne og ei to år eldre ungdomsforeining, vart det vedteke at ungdomsorganisasjonen skulle stå fritt. Seinare vart namnet på ungdomsforeininga endra til Misjonsungdomslaget, som mellom anna bygde ut Fjellseter Ungdomssenter.

Aure søndagsskule tok til i 1893 og vart halden i bedehuset.

Kjelder

  • Johan P. Aurdal: Sykkylven indremisjon 125 år. Sykkylvsbladet 22.3.2013.
  • Oscar Handeland: Vårløysing II.