Fjellseter Ungdomssenter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjellseter Ungdomssenter er ein overnattings- og serveringsstad ved Nysætervatnet i Ladalen i Sykkylven.

Ole T. Lied kjøpte i 1926 eit jordstykke ved nordvestre enden av Nysætervatnet og sette opp ei gammal stove der. Etter kvart vart dette huset påbygt og utvida, og han kalla det Fjellseter Turisthytte.

Både om somrane og i påska hadde turisthytta svært god søknad i åra som følgde. Sonen, Jon Lied, tok over i 1950, og han stod føre drifta til 1970, då han selde eigedomen til Misjonsungdsomslaget. Om lag på same tid fekk laget hand om eit jordstykke på vel 20 mål, som ligg til bytes med turisthytte-tomta. Eit stort nybygg stod ferdig i 1973, og det har vore gjort mykje ominnreiing og reparasjonar, slik at heile bygget etter kvart stod fram i god stand. Det fekk ei samla golvflate på 700 m2. I tillegg vart det bygt frittståande hytter.

Fjellseter Ungdomssenter, som eigedomen no vert kalla, kan ta mot 70 overnattingsgjester, og møtesalen har plass til 250 personar. Det har vore lagt ned eit stort arbeid i form av dugnader, og bygdefolket har gitt store gåver til utbygginga.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.