Ola E. Tandstad Polerarverkstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ola E. Tandstad Polerarverkstad var ein verkstad for overflatehandling for møbelindustrien i Sykkylven. Det var Ola E. Tandstad som starta verksemda på Tandstad i 1949. Tidlegare hadde han arbeidd ved Tynes Møbelfabrikk.

Det var ikkje alle dei nyetablerte verksemdene som hadde investert i polerings- og lakkeringsutstyr eller som hadde folk til å ta seg av desse oppgåvene. Ola E. Tandstad, som kunne kalle seg fullrøynd polerar, såg difor ein marknad på dette området.

I byrjinga hadde Tandstad tilhald i kjellaren heime på Johannesgarden, men det vart fort altfor trongt. Då fekk han leige rom i trevarefabrikken til Karl P. Tandstad på Ytste Tandstad. Ein del av leigeavtalen var at Ola Tandstad skulle ta seg av alt polerings- og lakkeringsarbeidet som K.P. Tandstad hadde bruk for. Elles lakkerte Tandstad for fleire andre møbelfabrikkar i Sykkylven.

Ola Tandstad hadde heile tida ein tilsett, og det var Kårdes Hagen. Av utstyr kunne dei nytte eit sprøyteanlegg og ei poleringsmaskin med ein liten motor. Etter kvart som trevarefabrikkane fekk slikt utstyr sjølve, minka etterspurnaden etter tenester innan overflatehandsaming. Difor avvikla Ola E. Tandstad drifta i 1952.

Kjelde: