Bedehuskafeen
Bedehuskafeen i Sykkylven var ein serveringsstad som vart driven i lokala til bedehuset i Sykkylven sentrum nokre år. Kafeen kom i gang i 1960 i første høgda i bedehuset som då var nybygt. Første styrarinna var Karen Fauske, og med eit kort avbrot stod ho føre drifta i mange år. Alt frå byrjinga hadde Bedehuskafeen god søknad både av faste og tilfeldige gjestar, dessutan vart det halde mange bryllaups-, gravferds- og konfirmasjonslag der.
Målfrid Rødal, som hadde arbeidd på Bedehuskafeen i mange år, tok over drifta i 1982, og leigde lokala av bedehuset. Samstundes vart namnet forandra til Cafeen. Attåt seg i arbeidet hadde ho fem personar som arbeidde på deltid.
Bedehuskafeen og romma som høyrde til, vart moderniserte og oppussa fleire gonger fram gjennom åra. Det vart kjøpt inn nye maskiner til kjøkkenet, og nye møblar til salongen, matsalen og kafeen. Dessutan vart veggene panelte, og golva delvis teppelagde. Cafeen kunne såleis ta mot lag og selskap av ymse slag til servering og opphald i lokala. Dei laga også smørbrød og annan mat som vart køyrd heim til dei som ønskte det.
Etter kvart gjekk det ut med kafédrifta, og frå om lag 1990 heldt kulturavdelinga ved Sykkylven kommune til i lokala.
Kjelde:
- Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.