Ellefsen Transport

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ellefsen Transport var ei transportforretning i Sykkylven, etablert av Ole Ellefsen. Ellefsen var ein av dei store pionerane i biltransporten i Sykkylven, og nokre av dei som seinare dreiv i denne bransjen byrja hos Ellefsen.

Ole Ellefsen kom frå Ålesund, men flytta til Sykkylven før krigen. Han hadde då ein Chevrolet 1937-modell som han nytta til ymse transportoppdrag. Mellom anna reiste han til Ålesund og henta kol som han selde og leverte i Sykkylven.

I midten av 1950-åra byrja han å køyre møblar til Oslo, og i 1958 kjøpte han ein lastebil med skap til møbeltransporten. Han hadde då overteke konsesjonen og bilen til Tynes Møbelfabrikk som var først ute med møbelfrakt i Sykkylven. Seinare kom sonen Oskar Ellefsen inn med ein bil, og dei dreiv saman Ellefsen Transport. Dei hadde i åra framover møbeltransport til Oslo frå fleire møbelfabrikkar i Sykkylven. Dei køyrde stykkgods gjennom Intertranpsort Ltd. AS i retur. Nokre gonger lasta dei også utgåande last til Sør-Sverige. I retur kunne dei ha revne tøyfiller som vart frakta mellom anna til Ekornes og Aaland Shoddyfabrikk i Mauseidvåg.

Oskar Ellefsen døydde i 1973, 39 år gammal. Johan Hellesylt var sjåfør hos Ellefsen, og då Ole Ellefsen døydde i 1980, tok Johan Hellesylt løyvekurs og tok over den eine bilen. Denne hadde han fram til 1991. Han byrja då på kontoret hos Waagan Transport AS der han var i tre år. Seinare arbeidde Hellesylt for Emdal Transport og Stranda og Sykkylven Billag, før han avslutta yrkeskarriera som sjåfør for countrybandet Vassendgutane.


Kjelde:

  • Odd-Østen Hurlen: Fa 5 til 50 tonn totalvekt. Ålesund 2004.