Straumshorn Juniorkorps

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Straumshorn Juniorkorps varta starta i Straumgjerde i 1958 fordi ein ville sikre rekrutteringa til vaksenkorpset Straumshorn. Det var Sverre Kvellaug som var den store drivkrafta for å få etablert juniorkorpset. Han gjekk frå dør til dør i krinsen og fekk mange straumgjerdingar til å gje 300 kroner i rentefrie lån for å skaffe fram nye instrument. Trygve Straume var dirigent for Straumshorn og han førte også taktstokken på den første konserten Straumshorn Juniorkorps hadde – på Ungdomshuset Vårvon. Sverre Kvellaug vart den første faste dirigenten, og han la ned eit stort arbeid som musikalsk leiar gjennom seks år. Frå 1966 tok Per Svein Tandstad over dirigentoppgåva. Han førte korpset fram til nye høgder, og i 1975 vann Straumshorn Juniorkorps 2. divisjon i landstevlinga for skulekorps på Hamar. Musikantane hevda seg også med ære året etter då dei stilte i den gjevaste divisjonen.

Jostein Bonesmo fekk den krevjande oppgåva å føre korpset vidare etter at Tandstad trekte seg i 1978. At han hadde dirigentjobben heilt fram til 1985 tyder på at musikantane og dirigenten fann tonen saman. Frå 1985 vart det ein periode med hyppigare skifte av dirigenter. Det var nok ikkje grunnen til at korpset miste mange av medlemene sine i åra som kom. Det kom heller av at mange nådde ”aldersgrensa” på om lag same tid. Resultatet vart at breidda minka, og instrumentsamansetjinga vart skeiv. Det var difor naturleg å søkje eit musikalsk samarbeid med Velledalen Skulekorps frå 1986/87. Tankar om samanslåing av dei to korpsa har vore lufta, men modellen har vore samarbeid mellom sjølvstendige einingar. Fram mot ca 2000 vart samarbeidet tettare, og korpsa fekk eit felles styre. I året då 40-årsdagen vart høgtida, i 1998, var styreleiar i korpset Jens Petter Fylling. Den største hendinga i 1998, ved sida av jubileumskonserten, var ein stor englandstur. Dirigent då var Dan Brunstad.

I 1999 tok Jan Eldar Lyngvær over som dirigent. Han har stått i spissen for korpset gjennom to åremålsmarkeringar etter det. Desse vart feira med nye, store konsertar og tur til England i 2003 og til Portugal i 2008. Det er dyrt å drive eit korps, særleg er innkjøp av nye musikkinstrument ein stor utgiftspost. For å bringe pengar i korpskassa har Straumshorn Juniorkorps gjennom fleire år hatt eit samarbeid med Fjellseter Friluftssenter. Korpset har stått for organisering av parkeringa ved skitrekket og fått betalt for denne oppgåva. Siste åra har korpset fått god hjelp av sambygdingar til gjennomføring av vakthaldet slik at slitasjen på foreldra har blitt redusert. Korpset arrangerer elles blåtur for ungdomsskuleelevar og eldre kvart år.

Rekrutteringsarbeidet er utfordrande for Straumshorn Juniorkorps, det er mange andre aktivitetar som freistar ungdomen. Men folket i Straumgjerde er glade for at dei unge musikantane framleis bles i klarinettar og trompetar, og slår takta med trommene sine og held på tradisjonen med å spele i toget 17.mai. Det er god oppslutning om den årlege basaren der korpset også deltek for å få midlar inn i korpskassa.

Kjelder:

  • Korpsleiar Jenny Sylvi Strøm (2012)
  • Eldar Høidal: 40 år med Straumshorn Juniorkorps, 1998.