Velledalen Skulekorps
.Velledalen Skulekorps i Sykkylven vart skipa i 1963. Det hadde vore eit vaksenkorps i Velledalen frå 1957, Velledalen Hornmusikk. Det vart etter kvart vanskeleg å rekruttere medlemer til korpset, og kva var vel då meir naturleg enn å starte ”vekkingsarbeidet” blant skuleungdomane. Det var komen ny skule på Dalemyrane i 1963. Skulen var godt eigna som øvingslokale for eit barnekorps, og dermed låg tilhøva vel til rette for korpsskipinga.
Jostein Drabløs var opphavsmannen for skulekorpset i Velledalen. Han tok kontakt med lærar Johan Neset som hjelpte til den første tida med praktisk tilrettelegging av korpsarbeidet. Jostein Drabløs var musikalsk leiar. Sjølv om Velledalen Hornmusikk vart lagt ned i 1964, arbeidde Velledalen Skulekorps godt i åra framover, ikkje minst takka vere Jostein Drabløs, som var korpset sin dirigent i ti år. Det er sagt at han var eitt med korpset i desse åra. Kjenneteiknet hans var heilhjarta innsats på kvar einaste øving, på dei mange turane og alle konsertane korpset tok del i.
Det er vanskeleg å erstatte slike eldsjeler, og som i Straumgjerde vart det noko mindre kontinuitet i dirigentposisjonen med åra. Mellom dei som gjorde framifrå innsats som dirigentar for skulemusikantane i Velledalen kan vi nemne Kjetil Hole og Jan Ove Skogvold.
Rekrutteringssvikten råka velledalingane om lag samstundes som han råka straumgjerdingane og Straumshorn Juniorkorps. I 1986 var talet på korpsmedlemer kome ned i 15. Til samanlikning var det nærare 80 medlemer i korpset i 1968. I fleire år hadde Velledalen Skulekorps eit tett samarbeid med Straumshorn Juniorkorps. Dei hadde felles styre og musikalsk var dei alltid saman. Etter ei tid vart det slutt på Straumshorn Juniorkorps, men i Velledalen har korpset halde det gåande. Det har jamleg vore supplert av vaksne musikantar, til dømes under større arrangement som 17. mai.
Kjelde:
- Eldar Høidal: Velledalen Skulekorps 35 år. Notat. 1998.