Kjell Slinning

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjell Slinning (fødd 1921 i Sykkylven kommune, død 2006) var skreddar og idrettsmann. Han kom tidleg med i skreddarverksemda som faren, Hans Slinning, etablerte på Aure i Sykkylven i 1928. Dei sydde for det meste damekonfeksjon, kåper og drakter. Frå 1955 arbeidde Kjell Slinning nokre år som skreddar ved Fønix konfeksjonsfabrikk. Seinare tok han opp eigen skreddarpraksis i huset han bygde i lag med faren i Skogvegen.

Heilt til han passerte 80-årsgrensa hadde han lange dagar i skreddarverkstaden. Han likte seg godt når arbeidsoppgåvene var mange, og det var dei heilt til han vart nøydd til å leggje vekk nål og tråd. I eit intervju med Eldrid Suorza som stod i Årbok for Sykkylven i 2002, fortalde den då 80 år game skreddaren at han ikkje byrja så tidleg om morgonen lenger, ikkje før kl. 8.00 og at han også hadde korta ned kveldane ein god del. Han slutta av allereie i 21-tida. Tidlegare var arbeidsdagane mykje lenger.

Ved sida av arbeidet som skreddar engasjerte Slinning seg mykje i det lokale idrettsmiljøet. Han kom tidleg med i friidrettsaktivitetane i Sykkylven Idrettslag. I åra etter krigen var han den fremste langdistanseløparen i laget. Lenge hadde han banerekorden på Sykkylven stadion på 5.000 meter. Tida 37.57 vil truleg alltid stå som banerekord på 10.000 meter på same stadion, så lenge løpebana no er vekke. Etter at han trappa ned som aktiv, tok han på seg trenar – og leiaroppgåver. Han var også med å assistere ved gjennomføringa av idrettsmerkeprøvene i ei årrekkje. Sjølv tok han idrettsmerket 45 år på rad.

Av dei noko yngre vil han særleg bli hugsa for innsatsen sin i samband med bygginga av Sykkylven Storhall. Det var han og Elias Vinje som hadde flest dugnadstimar i løpet av dei 10-12 åra det tok å realisere dette prosjektet, som plasserte Sykkylven heilt i tetposisjon på anleggsida i fylket. Kjell hadde ikkje berre kondisjon, han var fysisk sterk også på andre måtar. Det var noko som heitte ei skreddarbåre. Uttrykket vart skapt av Torbjørn Aasen snr. som registrerte at Kjell tok dobbelt så store trillebårlass med støyp som dei andre då golva i Storhallen vart lagde.

Kjelde