Sykkylven handelsforening

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Sykkylven handelsforening var ei næringsforeining i Sykkylven som vart skipa i 1954 som ei grein under Sykkylven Industrilag. Den første saka laget hadde oppe, var sal av malt i spann. Det vart bestemt at medlemene for framtida skulle selje denne vara i små glas. Noko anna som tidlegare vart seld i spann var mjølk. Fram til ca 1960 var det berre eitt godkjent mjølkeutsal i kommunesenteret Aure, butikken til L.K.A. Aure som Oddlaug Aure då dreiv. I 1962 byrja Sunnmøre Meieri i Ålesund å levere mjølka i flasker, og då kunne alle daglegvarebutikkar selje mjølk. Dei måtte då investere i kjøleanlegg. Dette slo ut på straumrekningane. Ei av oppgåvene til handelsforeninga vart å tinge med kraftverket om gode prisar på krafta.

Ei anna viktig sak for laget var kreditthandelen som dei styrande i handelsforeininga ønskte å avgrense. I 1963 vart det laga til ein felles plakat som kom opp i mange butikkar: Lev livet fritt - kjøp aldri på kreditt!

Daglegvarebutikkane stod ikkje heilt fritt i prissettingane av varene. Noteringsutvalet sette maksprisar på basisvarer, og desse prisane vart slått opp i butikkane. Dermed vart prisane i dei forskjellige daglegvarebutikkane nokså like. Dei viktigaste konkurransefordelane dei kunne finne var nærleiken til kundane, servicenivået og i ein viss mon, vareutvalet.

Sal av øl i butikk er ikkje noko nytt fenomen i Sykkylven. I 1950-åra var det sal av svakøl over disk, såkalla lagerøl. Pils og bayerøl var ikkje lagervare, men kunne skaffast. I 1971 var det eit medlem av kjøpmannslaget som ville at daglegvarebutikkane skulle søkje om å få selje øl i skatteklasse 2, men vedkomande vart nedstemt. Det var først tidleg i 1990-åra at kjøpmennene i Sykkylven vart samde om å skaffe seg salsrettar for øl i skatteklasse 2.

Handelsforeininga var også oppteken av salet som skjedde av omreisande handelsfolk. Dørsal var ikkje mykje utbreidd, men det var ein del som reiste rundt og selde fisk og kjøtt og frukt. I 1972 rekna foreininga ut at 12% av salet av spekemat skjedde gjennom såkalla dørsal i Sykkylven. Eit anna tema var sal av daglegvarer på bensinstasjonane. Handelsforeininga kunne ikkje gjere stort for å hindre slikt sal.

Andre saker som foreininga engasjerte seg i frå 1960-åra var opningstider og parkeringstilhøva i sentrum. Det kom klager frå dei som arbeidde på fabrikk over at butikkane var vanskelege å nå etter arbeidstidas slutt. Dette vart søkt løyst ved å innføre ein langdag. Torsdagane har vore fast langdag for butikkane i Sykkylven frå 1971. Dei siste tiåra har butikkane vore opne til kl. 19.00 denne dagen. Etter at fabrikkane tok fri laurdagane, har den dagen blitt den store handledagen, og også den dagen då det er størst sjans for å treffe kjenningar i sentrumsgatene. Når det galdt parkering såg butikkeigarane seg leie på at kundane parkerte heilt inntil dørene og framfor utstillingsvindauga. Dette har det visst vore vanskeleg å endre på.

Handelsforeininga fylte også rolla som eit sosialt forum for medlemene. Dei første åra var det flest menn med i sentrale posisjonar. Lea Kvamme og Oddlaug Aure var dei første kvinnene som var med på medlemsmøte, frå 1960. Lea Kvamme vart i 1964 første kvinne i styret.

I 1981 tok Sykkylven handelsforening initiativ til skiping av dei første Sykkylvsdagane. Desse vart gjerne arrangerte første eller andre helga i juni, og var ein freistnad på å vise fram breidda av handelstilbod i kommunen. Tiltaket var også ein lekk i arbeidet med å demme opp for den store handelslekkasjen til Ålesund. Sykkylvsdagane har sidan vore arrangert kvart år.

Sykkylven handelsforening vart for nokre år slått saman med Sykkylven Industrilag, i Sykkylven industri- og næringslag.

Kjelder

  • Møteprotokollar Sykkylven handelsforening