Fønixhuset
Fønixhuset heldt til i lokala til tidlegare Fønix konfeksjonsfabrikk i kommunesenteret i Sykkylven. Huset vart drive av frivillige, saman med Sykkylven Frivilligsentral. Det skulle vere eit allaktivitetshus der det kvar dag var ope for alle slags menneske som ville drive med ulike aktivitetar, eller berre setje seg ned med ein kopp kaffi og prate.
Fønixhuset vart opna i mai 2007. Då stod det fram som ein fugl Fønix etter å ha tent som lager i fleire tiår. Bygget var i utgangspunktet tilhaldsstad for konfeksjonsfabrikken Fønix som vart starta av Ole T. Lied i 1911. Fabrikkdrifta vart lagt ned i 1957.
Frivilligsentralen heldt til i Fønixhuset fram til hausten 2025, då sentralen vart flytta til andre høgda i det gamle sparebankbygget i Sykkylven sentrum, i Pihlgata.
Kjelde
- Høidal, Eldar: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket