Petter Kursetgjerde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Petter Kursetgjerde (fødd 12. januar 1913 i Sykkylven, død same stad 29. mars 2010) var ein av pionerane i fagrørsla i Sykkylven, og han var med på å ta initiativet til etableringa av Sykkylven treindustriarbeiderforening i 1945.

Petter Kursetgjerde var yngst av åtte søsken i ein småbrukarfamilie i Hundeidvik. Han hadde i unge år ein draum om å bli lege, men slikt var ikkje til å tenke på for ein med hans bakgrunn.

Han kom tidleg i arbeid og hadde erfaringar både frå Tusvik Møbelfabrikk og Tynes Møbelfabrikk då han byrja ved Vestlandske Stol- og Møbelfabrikk i 1935. Det var medan han arbeidde ved Vestlandske at han tok initiativet til å starte Sykkylven Treindustriarbeiderforening. Arbeidsgjevarane i den lokale møbelindustrien lika dårleg det som skjedde. Dei hadde nettopp fått i stand ein lågare tariff for sine bedrifter enn den som galdt i møbelindustrien elles i landet. Dei meinte at det var nødvendig med lågare lønnskostnader her fordi bedriftene på Sunnmøre hadde større kostnader med frakt enn konkurrentane i sentrale strok. Petter Kursetgjerde, og fleire med han, reagerte på forskjellsbehandlinga, og gjekk til kamp mot den såkalla Møretariffen. Gjennom ein kortvarig streik i møbelindustrien i 1949 vart denne diskriminerande tariffen fjerna.

Kursetgjerde hadde ei rekkje talent og han fekk utfalde mange av dei. Han var felebyggar og korsongar, han skreiv dikt og prosastykke, han samla inn gamle ord og stadnamn og han var kunstmålar. For alt dette og meir til vart han heidra med Sykkylvsbladet sin kulturpris i 1990 og Sykkylven kommune sin kulturpris i 1998. Trass i den store innsatsen han la ned for lokalt kulturvern, vil nok mange først og fremst hugse han som fagforeinings- og arbeidarpartipioner i Sykkylven.

I 2003, til 90-årsdagen hans, gav Sykkylven sogenemnd ut boka Lat draumen vare. Her er mange av prosastykka og dikta han skreiv samla.

Kjelder