Sykkylven sogenemnd
Sykkylven sogenemnd er eit sogelag i Sykkylven kommune, som vart skipa i 1917. Sogelnemnda har gjeve ut fleire lokalhistoriske bøker, slik som Sykkylven : gardssoga, og Årbok for Sykkylven.
Allment
Nemnda har heimeside og legg ut stoff under kategorien Sykkylven leksikon på Lokalhistoriewiki.
Sogenemdas leiar i 2025 er Eldar Høidal. Andre leiarar har vore Øystein Eliassen, Sverre Andestad og Leif O. Ramstad.
Utgjevingar
Den største utgjevinga frå Sykkylven sogenemnd er Sykkylven : gardssoga, som er ei gards- og slektshistorie, og som vart gjeve ut i fire bind frå 1972 til 1973. Sogenemnda har òg gjeve ut to band med generell bygdehistorie: I 1962 vart Sykkylven i eldre tid av Ola Tandstad ferdigstilt, og i 1990 vart oppfølgjaren Sykkylven: bygda og folket i farne tider sluttført av Jon Hole. Boka omhandlar blant anna tidleg historie, og er også bygd på lokale arkeologiske funn.
Av andre utgjevingar skreiv Martin Gjævenes Utvandrarene frå Sykkylven, som nemnda utga i 1957, som hovudsakleg omhandlar dei som utvandra frå Sykkylven på 1800-tallet og fyrste del av 1900-tallet. I 1985 ga Jon Hole ut Gjennom krig til fridom: Sykkylven 1940-1945, med mellom anna historia om det tyske flyet som styrta i Velledalen under krigen, og dramatikken med at dei overlevande flykta nordover bort til Sørestranda og Riksheimgjerde, der lensmannen til slut arresterte dei. Boka vart utgjeven av «Sykkylven bygdesogenemd», som var namnet på den tida. Hendinga er òg omtala i boka "Løvene" landar!, som kom ut i 2010.
Desse bøkene er digitaliserte, men Sogenemda har framleis bøker, spesielt dei som enno er til salgs, som ikkje er digitalisert.[1] I seinare år har ikkje sogelaget gjeve ut fullt så mange større verk, slik som gardssoga, men dei har gjeve ut mindre omfattande og spesifikke utgjevingar og tidsskrift slik som årboka, og dei vert digitalisert og gjort tilgjengelege gjennom internett i større grad.
Andre
Av andre historielag i bygda finnast mellom anna Velledalen historielag, også nemd som sogelag eller sogenemnd, og Sykkylven historielag.
Referansar
- ↑ Publikasjonar i sal på heimesida til sogenemnda.
Kjelder og litteratur
- Sykkylven sogenemnd, heimesida.
- Årbok for Sykkylven, Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Sykkylven : gardssoga. Utg. Sykkylven sogenemnd. 1972-1983. Fire band.
- Gjævenes, Martin: Utvandrarane frå Sykkylven. Utg. Sykkylven sogenemnd, Grøndal & Sønns Boktrykkeri/Oslo, 1957. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Hole, Jon. Sykkylven : bygda og folket i farne tider. 2. Utg. Bygdesoge- og museumsnemnda. Sykkylven. 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Tandstad, Ola. Bygdebok for Sykkylven. 1 : Sykkylven i eldre tid. Utg. Sogenemnda. Sykkylven. 1962. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Brunstad, Hallvor. "Løvene" landar! : historia om det tyske flyet som naudlanda i Velledalen i 1940. Utg. 2010. Digital versjon på Nettbiblioteket. Digital versjon på Internet Archive.