Tusvik Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tusvik Møbelfabrikk er ein tidlegare møbelfabrikk i Tusvika i Sykkylven kommune. Bedrifta vart i 1989 ført vidare under namnet Cylindra. Tusvik Møbelfabrikk vart etablert av Knut K. Tusvik i 1911. Far hans heitte også Knut. Han var ein nevenyttig kar som mellom anna virka som snikkar og produsent av tresko. Han var også ein kjend låsesmed, og laga låser til kister, skrin og dører. I tillegg laga han drøftemaskiner som vart nytta for å reinske kornet. Drøftemaskinene frå Tusvik vart selde til gardbrukarar over heile Sunnmøre.

Bygde maskiner

Det var difor ikkje så unaturleg at Knut K. Tusvik kom i gang med møbelproduksjon i kjellaren heime i 1911. Knut K. Tusvik, som var fødd i 1883, reiste ei tid etter konfirmasjonen rundt som bygningsmann. I 1909 tok han til på treskjerarskulen til Johannes Bjordal i Ørsta. Etterkomarane har teke vare på arbeidsteikningane Knut skar etter på skulen. Det var detaljerte mønster med røter i hundreårgammal treskurdtradisjon. Dette var altså ingen industriskule der dei lærte å lage møblar raskt og rimeleg. Tvert om vart det sett høge krav til materialkunnskap, og tolmod var ein viktig eigenskap for den som skulle bli ein god treskjerar. Naboen Birger Tusvik, som seinare markerte seg som ein allsidig kunstnar, fortalde at han likte å sitje sjå korleis Knut fekk fram liv i trestykka med kniven sin.

Frå 1911 laga Knut møblar av ymse slag i heiltre fure; stolar, bord, skap, buffetar og senger. Det var ikkje serieproduksjon, men framstilling av enkeltstykk møblar på bestilling. Mange av møblane var pynta med treskurd, noko som ikkje var uvanleg på denne tida. Størstedelen av tingingane kom frå kundar i Ålesund. Dei første åra Knut K. Tusvik dreiv i kjellaren heime hadde dei ikkje elektrisk kraft i Tusvika. Krafta kom først i 1919 og då kunne han ta i bruk maskiner. Maskinene han trong i møbelproduksjonen bygde han for det meste sjølv. Den første maskina han kunne ta i bruk, ein retthøvel, bygde han åleine. Firkantkutteren, med aksling og lager, fekk han laga på ein mekanisk verkstad i Ålesund. Seinare fekk han montert både bor og sagblad på same akslingen.

Ung bedriftsleiar

Trevareverkstaden vart reine snikkarskulen. Knut hadde på det jamne tre læregutar i arbeid. Det vanlege var at dei var der i læretida som var tjue veker. Somme var der lenger og vart vanleg betalte arbeidarar. Petter Kursetgjerde var blant dei som fekk det snikkarfaglege grunnlaget sitt hos Knut K. Tusvik. Ei hending feste seg ekstra godt i minnet til den seinare fagforeiningspioneren. Sentralt i kjellarromet stod der ein stor Nebb-motor som dreiv fleire maskiner med reimoverføring. Ein gong losna eit reimhjul og fòr mellom veggane med dunder og brak. Til all lukke vart ingen av arbeidarane trefte av dei lause delane. Kona til Knut, Josefine, høyrde bråket og kom styrtande ned i kjellaren for å sjå om det framleis fantest levande att!

Dei første mellomkrigsåra var vanskelege. Mange kundar fekk betalingsproblem og uroa forplanta seg vidare til bankar og små og store bedrifter. Tusvik Møbelfabrikk hadde ikkje store driftkostnader og greidde å halde det gåande. Kring 1930 byrja pilane å peike oppover igjen. Arbeidslivet kom i meir normal gjenge og bedriftene våga å satse mot framtida. Det gjaldt også den vesle møbelverksemda på Tusvikneset. I 1930 bygde Knut eit fabrikkbygg i ei og ei halv høgd nede med sjøen. Då var sonen Conrad Tusvik nettopp komen med i fabrikkdrifta. Knut K. Tusvik fekk tidleg ein helseknekk då han vart råka av tuberkulose, og i 1934 døydde han. Conrad var ikkje meir enn ca 20 år då han måtte ta over ansvaret for møbelverkstaden.

Solide møbelplater

Conrad Tusvik mintest seinare dei første krevjande åra, og den gode nytten han hadde av at han tidlig kom med i arbeidet på verkstaden. Han var ikkje meir enn 12-13 år då han byrja i arbeid og fekk vere med å sage, sinke og grate, lage tappar og anna handarbeid.

Etter at dei fekk større lokale var det råd å leggje produksjonen meir rasjonelt opp. Då byrja dei med serieproduksjon og utvida marknaden til å omfatte dei største byane i Sør-Noreg, i første rekkje Oslo og Bergen. Materialen dei nytta var prima norsk og svensk furu. Lokalt trevirke eigna seg ikkje i platemøbelproduksjonen til Tusvik Møbelfabrikk. Dei følgjande åra vart produktspekteret smalna litt inn. Hovudprodukta var skap og bord i forskjellige utføringar. Det var bedriftsleiarane sjølve som teikna modellane, gjerne etter innspel frå dei handlande.

Frå 1930-åra vart det ikkje lenger nytta heiltre i produksjonen, men såkalla møbelplater som var finerte på yta. Møbelplatene var bygde opp av lister som var monterte tett saman. Listene kunne vere 3 mm breie og 15-20 mm høge. Oppå desse vart det limt ei sperreplate. Til slutt vart då fineren limt på, gjerne bjørkefiner. Conrad Tusvik var særs interessert i dette arbeidet og utvikla sin eigen sperreplateteknikk. Møblane som vart laga med slike plater heldt seg beine og fine gjennom mange tiår.

Brann og nybygg

Under krigen var det vanskeleg å få tak i råvarer, men gjennom gode kontakter kom dei seg velberga gjennom krigsåra. Like før krigen hadde Conrad Tusvik fått bytta til seg ein 6-setar Buick av møbelhandlar Knut Joh. Maaseide i Ålesund. Etter okkupasjonen fekk tyskarane nyss om at det fantes ein bil på garden og kravde å få hand om køyretyet. Conrad skreiv tilbake og gav beskjed om at bilen for tida stod på Nestun, som garden heitte. Tyskarane forstod det slik at bilen var lagra på Nesttun ved Bergen, og det vart aldri meir gjort krav på bilen. Difor stod han trygt i vedskjulet, heilt tildekka av bjørkaved, resten av krigen. Etter 1945 bygde Conrad Tusvik han om til lastebil.

I november 1947 brann fabrikkbygget i tre ned til grunnen, og mykje av produksjonsutstyret gjekk også tapt. Det einaste som vart redda ut av maskinparken var ein ny retthøvel. Conrad og brørne hans sette seg raskt ned og teikna ny fabrikk. Det var ikkje snakk om å gje opp sjølv om brannen var eit hardt slag. Dette var rike år for den lokale møbelindustrien. Fleire verksemder kom i gang i dei første etterkrigsåra og kundane ville gjerne ha dei solide og rimelege møblane frå Sykkylven.

Allereie i februar 1948 kunne dei ta opp att produksjonen i eit nytt murbygg nær den første fabrikktomta. I første omgang vart bygget reist i ei høgd, men med høve for påbygging seinare.

Familiebedrift

Tusvik Møbelfabrikk hadde 15 personar i arbeid før brannen, etter brannen kom bemanninga ned i 7-8. Brørne Olger, Martin og Conrad Tusvik stod for leiinga av produksjonen, Conrad var ansvarleg for produktutviklinga og den utoverretta aktiviteten. Dei heldt seg til platemøblar og nokre år framover var skrivebord ei god produktgruppe, saman med soveromsmøblar. I slutten av 1950-åra kom dei første bokseksjonane med i vareutvalet. Frå tidleg i 1960-åra gjekk det mest i senger.

Kjellbjørn Tusvik kom, som faren Conrad, tidleg inn i fabrikkmiljøet. Framstillinga av senger var då på det meste intense, minnest Kjellbjørn: ”Alle tok del på like linje i verdiskapinga. Jens Nordvik tok seg av grovarbeidet og saga plank og plater. Martin hadde ansvaret for fineringsarbeidet, svogeren Jon Bakke tok seg av pussing og finsnikring og yngstemann Olger var lakkerer og pakkar. Far sitt ansvar var teiknearbeid, utvikling av nye modellar, kontorarbeid og kundebesøk.”

Møbelkjedar og prispress

Fabrikken vart påbygd fleire gonger og til 75-årsjubileet i 1986 stod det siste tilbygget ferdig, ein ny og tenleg maskinverkstad.

På denne tida fekk dei store møbelkjedene hand om stadig større delar av møbelomsetninga. Det var vanskeleg for dei små produsentane å etterkome effektivitetskrava til kjedane som heile tida fokuserte på låg pris. I 1980-åra merka også dei norske platemøbelbedriftene større konkurranse frå utanlandske verksemder, særleg danske. Tusvik Møbelfabrikk var heller ikkje upåverka av desse marknadsendringane.

Nye produkt

I 1989 var eigarane av Tusvik Møbelfabrikk komne til eit vegkryss. Dei var framleis innstilte på å halde maskinene i fabrikklokala i gang. Det nye kapitlet i bedriftshistoria starta då Kjellbjørn Tusvik såg ei annonse i Sunnmørsposten. Det var ein som averterte etter ei bedrift som kunne produsere ein spesiell møbelserie. Kjellbjørn og Conrad Tusvik var nysgjerrige på kva dette kunne vere. Det viste seg at det var den tyske agenten for sylinder-møblane som Kortgaard i Molde produserte som stod bak annonsa. Kortgaard hadde gått konkurs, men tyskaren meinte at det var ein god marknad mellom anna i hans heimland for dei særmerkte sylindermøblane som Peter Opsvik hadde teikna. Slik kom Kjellbjørn Tusvik i kontakt med ein av Noregs mest nyskapande designarar, strandaren Peter Opsvik. Cylindra-kolleksjonen har sidan 1989 stadig blitt utvida og omfattar no både skap, stolar og bord.

Kjelde