Bastian Weiberg-Aurdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Bastian Weiberg-Aurdal (fødd 1891 på Karigarden på Velle i Sykkylven, død 1973) var ein lege og samferdselspioner frå Sykkylven. Weiberg-Aurdal tok examen artium i Bergen og var ferdig med legestudiet i 1920. Han etablerte då legepraksis i Ålesund, i Nedre Strandgate, der han kjøpte hus. Kvar laurdag reiste Weiberg-Aurdal inn til Sykkylven til garden som han eigde i Velledalen. Sjølv om det ikkje var ofte han kunne sjå til gardsdrifta, var Karigarden noko av eit mønsterbruk. Bastian Weiberg-Aurdal var i fremste rekkje når det galdt å ta i bruk moderne teknologi i gardsdrifta. I 1935 kjøpte han traktor og lastebil, og i 1937 installerte han mjølkemaskin. Saman med slektningar innførte han dei første dyra av Sør- og Vestlandsfeet til distriktet. Han dreiv også med oppdrett av hest.

For å kome enkelt heim til garden i Velledalen skaffa han seg ein båt. Båten nytta han også når han reiste på doktorbesøk ut på øyane og innover i fjordane. I 1931 tok han eit steg vidare og skaffa ferje, Råna, som han sette inn i sambandet Magerholm - Ørsneset. Weiberg-Aurdal satsa eigne penger i kaibygginga. Ferja hadde plass til fire bilar, og det var klart at ho stetta eit behov etter kvart som fleire skaffa seg bil, også i Sykkylven. Dette var den første ferjeruta på Sunnmøre. Like før krigen tok Møre Fylkes Rutebåtar over drifta av ferja. I 2012 er dette den mest trafikkerte ferjestrekninga i Møre og Romsdal.

Som lege dekte Bastian Weiberg-Aurdal eit stort distrikt. Legekontoret hans var mest alltid fullt, og heimebesøk måtte han som regel ta på kvelds- og nattestid. Han heldt seg med privatsjåfør slik at han kunne nytte tida på veg til pasientbesøk til å sove.

For sitt samfunnsgavnlege virke fekk Bastian Weiberg-Aurdal Kongens fortenestemedalje i gull i 1953.

Kjelde

  • Harald Kjølås: Bastian Weiberg-Aurdal: Huslege og samferdselspioner, artikkel i 100 år 100 navn, Ålesund 2000.

Eksterne lenkjer