Hans Tandstad (1885–1933)
Hans Petersen Tandstad (fødd 21. oktober 1885, død 8. januar 1933) frå Simogarden i Straumgjerde i Sykkylven var gardbrukar, lokalpolitikar og aktiv i det frilyndte lagsarbeidet. Han representerte ei viktig gruppe i det frilynde arbeidet, nemleg den lesande og samfunnsinteresserte bonden. Han dreiv den brattlendte Simogarden, men fann også tid til å engasjere seg i kulturlivet og lokalpolitikken. Han brukte mykje tid i kommunale utval og råd. Han var ordførar i Sykkylven frå 1925 til 1933 og var i ein lang periode også styremedlem i Sunnmøre Meieri. Han var leiar i ungdomslaget Samhald då laget bygde sitt eige hus, Vårvon, i 1912. Som takk for innsatsen med bygginga av ungdomshuset Vårvon fekk han i 1915 eit skrivestell i sølv med følgjande setning inngravert: “Tak for gjævt arbeid”.
Han var son av gardbrukar Petter Olsen Tandstad og Olava Olsdotter Tandstad. I 1921 vart han gift med Marie Josefine Kiksheim.
Då han døydde av magekreft på Rikshospitalet, stod han i vervet som ordførar i Sykkylven.
Kjelder og litteratur
- Aurdal, Gustav Weiberg. Sykkylven : gardssoga. 2. Utg. Sykkylven sogenemnd. Sykkylven. 1986. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Hans Tandstad i Historisk befolkningsregister.