Sykkylven sykkelklubb

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Sykkylven sykkelklubb (SSK) vart etablert i november 2003. Første leiaren var Eva Arntzen. Klubben retta seg frå starten mot lokale tur- og trimsyklistar, og det vart arrangert fleire lokale ritt med relativt god deltaking. SSK har heile tida hatt tilbod både til landevegs- og terrengsyklistar, men det lokale rittilbodet har i hovudsak vore innan terrengsyklinga. Sykkylven har dei siste åra fått eit finmaska nett av skogs- og sætrevegar som syklistar kan nytte. Mange har også våga seg inn på stiar og tråkk i fjellandskapet. Frå 2004 skipa Sykkylven sykkelklubb i mange år til terrengrittet, Ekornesrittet, eit terrengturritt på ca. 40 km.

Frå 2010 har sykkelklubben satsa på å gje eit tilbod til dei aller yngste syklistane. I samarbeid med møbelverksemda Ekornes, har klubben skipa til cupritt for born i aldersgruppa 2-12 år. Endå betre oppslutning har det vore om Norges Cykleforbund sin barnekarusell «Tour of Norway for Kids» som vitja Sykkylven både i 2010, -11, -12, -13 og -14. Det har vore om lag 300 unge syklistar med på desse ritta dei åra dei har vore arrangerte.

På landevegssida har SSK i alle sine år skipa Sykkylvsrittet. Det er eit kombinert tempo- og fellesstartritt som lenge vart arrangert i slutten av august. Her vart det ei endring i 2013 då dette rittet vart flytta til våren og terrengrittet til hausten. Dette for å tilpasse seg sesongrytmen til dei aktive som er med på Den store styrkeprøven Trondheim - Oslo og Birkebeinarrittet. Landevegsrittet endra også namn til Sykkylven Energi-rittet etter sponsoren Sykkylven Energi. Før Sykkylven sykkelklubb vart skipa, vart landevegsrittet arrangert av Ålesund og Omegn Cykleklubb. Eldar Høidal var leiar i SSK frå 2009 til 2015 då Margareth Stadsnes tok over som leiar ein periode. I 2016 var Høidal tilbake som leiar.