Ole Ingebrigtsen Strømme

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Tandstad skule i Sykkylven 1910. Lærar Ole I. Strømme bak til venstre.
Foto: Ukjent (frå heimesida til Sykkylven sogenemnd).

Ole Ingebrigtsen Strømme (fødd 23. februar 1876 i Sykkylven, død 17. februar 1936 i Oslo) var lærar, gardbrukar, lensmann og politikar. Strømme var ein typisk representant for den utdanna lærarstanden kring det førre hundreårsskiftet, og som så mange av dei, kom han frå enkle kår. Han vaks opp på Strømmebruket i Straumgjerde (Sykkylven kommune), som son av gardbrukar og fiskar Ingebrigt Hanssen Strømme (1853-1928) og Severine Karlsdotter f. Drotninghaug (1851-1928). Etter utdanning reiste han tilbake til bygda han kom frå. Han la ned eit stort og idealistisk strev i ungdomslag og skule, og i perioden 1919-36 var han lensmann i Ørskog og Sykkylven. Innsatsen vart lagt merke til, og han fekk ein karriere heilt til topps i det norske samfunnet. På 1930-talet var Venstre-mannen Strømme både stortingsrepresentant og statsråd.

Lærar og gardbrukar

Strømme gjekk mellomskulen i Volda, der han tok eksamen i 1892. Han byrja så på lærarutdanning ved Stord seminar, der dei frilynde verdiane stod sterkt. Etter eksamen og to år som lærar i Bremanger (1895-97) vende Strømme tilbake til heimbygda og heimegarden, gifte seg og fekk familie. Han vart gift med Susanne Ingebrigtsdotter (f. 1880), og i 1902 kom sonen Sverre.

Ole Strømme tok over eit bruk der storparten av jorda var udyrka. Men som den interesserte gardbrukar han også var, gjekk han laus og braut jord. Då han gav frå seg garden til sonen, Inge Strømme, 30 år seinare, var det meste av jorda dyrka.

Ungdomslagsmann og Venstre-politikar

Lærar i Sykkylven var han frå 1897 til 1919, og det var særleg i denne perioden han gjorde seg gjeldande både som initiativtakar og leiar i Ungdomslaget Samhald og som leiar i byggjekomiteen for Ungdomshuset Vårvon. Frå 1911 var han også ordførar i Sykkylven og blant dei som gjorde opptakta til Sykkylven kommunale kraftverk som stod ferdig i 1919. Han gjorde ein stor innsats i lokalpolitikken og sat som medlem i ei rekkje utval og råd, mellom anna som ordførar i representantskapet for Sunnmøre Meieri (1924-1932) og Sykkylven Sparebank (1927-36).

Frå 1919 var han lensmann for Ørskog og Sykkylven, og sat i perioden 1929-36 som formann i Lensmannsmållaget.

I perioden 1922-30 var Strømme varamann til Stortinget, men i 1931 vart han endeleg vald inn som representant for Venstre. I stortingsperioden 1931-33 var Strømme sekretær i Justiskomiteen. I 1933 sat han som sosialminister i Mowinckels tredje regjering. I perioden 1934-36 var igjen Strømme Venstres suppleant for Møre fylke.

Ettermæle

Adresseavisen meldte 18. februar 1936 at «Fhv. statsråd Ole Strømme er avgått ved døden i formiddag [den 17.] på Diakonhjemmet.[....] Strømme møtte ved stortingets sammentreden iår som varamann for Møre, men blev kort tid efter syk og måtte la sig legge inn på Diakonhjemmet for ca. 3 uker siden.»

Kjelder og litteratur