Hundeidvik blandakor

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Hundeidvik blandakor med dirigent Åge Frøystad på Hovden i Hundeidvik ca 2009. (Fotolån: Jon Reidar Kurseth)

Hundeidvik blandakor vart skipa i 1871 som eit av dei første blandakora på landsbygda i Noreg. Hundeidvik var den gongen ein del av Hjørundfjord herad, men etter 1883 har hundeidvikgrenda vore ein del av Sykkylven kommune.

Det er fortalt at koret vart skipa etter at nokre hundeidvikarar hadde vore på ei samling ved Hornindal kyrkje sommaren 1871. Her hadde dei fått inspirasjon til å gå vidare med songen, og koret fekk frå starten medlemer både frå Hundeidvik og nabokrinsen Blakstad. Koret sin første dirigent var Karl Habostad frå Stranda. Han var omgangsskulelærar i krinsane Hundeidvik, Blakstad og Ikornnes. Han var også kyrkjesongar. Habostad døydde i 1898, berre 51 år gammal. Etter Habostad vart Johan K. Hatlemark frå Tusvik dirigent. Han var 20 år gammal då han tok over koret. I 1903 reiste han til USA og sidan kom han ikkje tilbake til Norge. Bror hans, Hans, tok då over som dirigent. Hans var som Johan svært musikalsk og ein dyktig felespelar. I desse åra, og seinare, song koret på møte og festar både i og utanfor bygda. Så tidleg som i 1882 song koret i Hjørundfjordkyrkja.

Den neste dirigenten var Karl Gulliksen Hatlemark. Han var dirigent i to periodar, frå 1899 til 1906 og frå 1910 til 1939. Karl G. Hatlemark var ein allsidig person som også er rekna mellom dei fremste industripionerane i Sykkylven. I 1900 starta han Hatlemarks Trevarefabrikk. Ved sida av å lage vindu, dører og møblar i fabrikken reiste han også rundt som bygningsmann. I 1905 fekk han økonomiske vanskar og året etter reiste han til USA for å byggje seg opp att økonomisk. Han kom tilbake til Sykkylven og tok opp att både trevareproduksjonen og kordireksjonen.

Hatlemark stod i spissen for Hundeidvik blandakor heilt fram til 1939. Eit av høgdepunkta i hans leiartid var då koret i januar 1922 høgtida 50-årsjubileet sitt. Til stades på festen var leiar i Sunnmøre Songarlag, Johan Slyngstad, og nytilsett sokneprest Torleif Rude. Eit av programinnslaga var gjenhøyr med 20 songarar som hadde vore med i koret ca 30 år tidlegare. Dei song tre-fire songar fleirstemmig. "Songen deira kom frå hjarte og gjekk frå hjarte," skriv Henrik Straumsheim i si 25-årssoge for Sunnmøre Songarlag.

Etter at Karl G. Hatlemark gav seg, tok lærar i Hundeidvik, Øyvind Skaaden, over. Han heldt fram til 1954Josef Midtgård tok eit fast grep om dirigentstaven. Han dirigerte koret så og seie samanhengande fram til 1983. Josef Midtgård var også organist i Sykkylven kyrkje.

Dei siste åra har det vore hyppigare dirigentskifte enn det var tidlegare. Dirigent sidan 2001 har vore musikkleiar i Sykkylven kommune, Åge Frøystad. Han var også musikalsk leiar då koret i 2011 heldt sin 140-årskonsert. Under denne konserten kunne kormedlemene sjå tilbake på ein svært aktiv periode frå 1980-åra. I 1978 hadde Hundeidvik fått sitt grendahus og dette vart ei storstove for folket i krinsen der ein mellom anna skipa til store revyoppsetningar der kormedlemer var berande krefter. Eit høgdepunkt i koret si nyare historie var turen til USA i 1986. Den gav inspirasjon til revyen Rett West i 1991. I 1992 gav koret ut ein CD basert på opptak gjort i Sykkylven kyrkje. Koret har også seinare gjennomført utanlandsturar, mellom anna til Skottland i 2005 og til Baltikum.

Koret har i 2011 medlemer frå heile Sørestranda. Entusiastisk leiar for koret har dei siste åra vore Asbjørn Enerhaug.

Kjelde

  • www.jonreidarkurseth.com
  • Henrik Straumsheim: Sunnmøre Songarlag gjennom 25 år. 1900-1925. S. 64.
  • Eldar Høidal: Hundeidvik idrettslag 50 år. Sykkylven 1994.