Tordis Maurstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Tordis Maurstad i lag med mannen Alfred og sonen Toralv.
Foto: Esther Langberg (omkr. 1935).

Tordis Elfrida Maurstad f. Witzøe (født 24. desember 1901 i Kristiansund, død 10. januar 1997 i Oslo) var ein av våre fremste skodespelarar på 1900-talet.

Slekt og familie

Ho var dotter av drifsstyrar Albert Lauritz Witzøe (1867–1946) og Anna Marie Bjerkestrand (1869–1942).

Den 11. april 1925 vart ho gift med skodespelar Alfred Maurstad (1896–1967). Dei fekk året etter sonen Toralv. I 1943 vart dette ekteskapet oppløyst.

Tordis Maurstad vart så gift med forfattar Helge Krog i 1949.

Liv

Ho voks opp i Kristiansund, der faren var driftsstyrar på Kaffistova og Bondeheimen. Han var sentral i norskdomsrørsla, og var kjend som «målkongen». Barndomsheimen var eit kultursenter, og Tordis ønska tidleg å bli skodespelar.

I folketeljinga 1910 finn vi ho på Hallahaugen i Kristiansund, der ho var pleiedotter.[1] Kvifor hu bodde der og ikke med familien er uklårt, men det kan ha noko med at foreldra hadde åtte born heime i Dahlegata og at det difor ikkje var lett å få endane til å møtast.[2]

Med sin målbakgrunn var Det Norske Teatret rette staden, og dette vart arbeidsplassen hennar gjennom det meste av livet. Eit unntak var sesongane 1936 til 1938, då ho var ved Det Nye Teater og eksperimentteatet Masken. Hausten 1923 vart ho fast tilsett der, etter sin debut som Sara i Johan Falkberget sitt stykke FjellsjøheidingenDrabløs turnéteater om våren det året. Ho fekk fram nye sider ved rollefigurane på ein måte som fange publikum. I 1930 hadde ho sitt verkelege gjennombrot som Sonja i Morbror Vanja av Tsjekhov. Ho fekk særs god kritikk, og Tsjekhov vart for all tid hennar yndlingsdramatikar. Ho spelte seinare mallom anna Masja i Tre systrar (1941 og 1954), Ranjevskaja i Kirsebærhagen (1949) og Arkadina i Måken (1961).

I 1961 fekk ho Kritikarprisen for rolla som Mary Tyrone i Lang dags ferd mot natt, og dette reknast saman med rolla som Argia i Dronning og rebell av Ugo Betti (1957) som hennar største opptreden. Ho mestra rollane briljant, men var også seg sjølv heile tida - Tordis Maurstad var kjend for å tilføre si eiga personlegheit til rollefigurane. I fleire av rollane markerte ho seg som erotisk karakterskildrar, mellom anna som Rosaland i Som De vil -! (1934) og som Olivia i Trettendagskvelden (1941) av Shakespeare. I Strinberg sine stykker Dødsdansen (1949) og Frøken Julie (1951) fekk ho fram ein erotisk villskap. Ho fekk også fram de undertrykte kjenslene som Katinka Stordal i Kranes konditori (1946) av Cora Sandel og i andre stykke. Rolla som Gudrun i Under treet ligg øksa vart forma med tanke på Tordis Maurstad av Tormod Skagestad. Rolla som fru Alving i Ibsenstykket Gengangere spelte ho både på scenen og i Fjernsynsteatret.

For si innsats for norsk teater fekk ho i 1960 Kongens fortenestemedalje i gull, og i 1963 vart ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

I 2015 kom forlag om å oppkalle ei gate på Filipstad etter ho, i samband med omregulering av hamneområdet.[3]

Referansar

  1. Tordis Elfrida Witzøe i folketeljinga 1910 for Kristiansund kjøpstad frå Digitalarkivet.
  2. Albert Lauritz Witzøe i folketeljinga 1910 for Kristiansund kjøpstad frå Digitalarkivet.
  3. Forslag til gatenavn for Filipstad-området. BU-sak 127/15, Mibu-sak 72/15.

Litteratur og kjelder