Amatec

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Amatec er ei teknologibedrift i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Lars Einar Riksheim i 1984 med namnet Agentur og Maskinteknikk. Det byrja med leveransar av maskinar og utstyr til saumindustrien på Sunnmøre. Kundane opererte innan bransjene konfeksjon, trikotasje, sko og møbel. Etter kvart flagga nokre av desse bransjene ut til lågkostland. Møbelindustrien vart også redusert, men nokre møbelbedrifter gjekk vidare og i 2024 var ca 10 prosent av omsetninga knytt til møbelindustrien. Nye bransjar fekk større verdi for Amatec, som den marine industrien. Dei har også drive med produksjon av industritelt, brodering og profilering. Bedrifta vart medeigar i 3D Knitting & Technology som arbeider for å fremje bruk av 3D-strikking i den norske industrien. Amatec har tilpassa maskiner frå ulike leverandørar, men har også arbeidd med ein eigen heildigital maskinprototype. Dei moderne maskinene kan ein drive feilsøking og service på frå hovudkontoret i Sykkylven. Eksportdelen til Amatec har vakse mykje dei siste åra.

Amatec hadde i 2024 30 tilsette, og held til i industrilokale på Vik, vegg i vegg med skumplastbedrifta Sandella. Steinar Fet er medeigar og dagleg leiar i bedrifta i 2024.

Kjelde:

  • Nyss 11.10.2024