Ungdomshuset Valhall

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ungdomhuset Valhall var eit forsamlingshus i Sykkylven, bygd av Sykkylven frilynde ungdomslag i 1914. Huset var fram til det vart rive i 1969 mykje brukt til møte og festar og som kinolokale.

Då huset stod ferdig, var det 20 meter langt og 10 meter breidt og i to høgder. Huset hadde kosta kr 12.000, men mykje av byggjearbeidet hadde skjedd gjennom dugnad.

Restriksjonar på dansen

Det var både før, og etter, at Valhall kom opp, mykje diskusjon om kva for aktivitetar som skulle vere i huset. I paragraf 1 i lovene for Valhall heitte det: "Huset skal vere ein møtestad der ungdomen kan fremja norskdom, fridom og upplysning." Mange av ungdomane ville gjerne at det skulle vere rom for dans i huset. Dette vart det lagt restriksjonar på. I vedtektene til huset heitte det: "Der kan danses indtil 5 gange for hvert aar og da i forbindelse med fest. Der kan danses indtil 4 timer hver gang, dog skal dansen under enhver omstendighed være slut kl. 4 om morningen."

Det var ikkje berre huseigaren som nytta ungdomshuset til verksemda si. Mellom dei første brukarane var Sykkylven skyttarlag og losjen. Frå hausten 1917 heldt framhaldsskulen til i småsalen.


Etter kvart gjekk det ut fleire særlag frå ungdomslaget. Slike grupperingar var Sykkylven Spellag, Sykkylven Idrottslag og Musikklaget Lurlåt. Også desse laga brukte Valhall for ein stor del til aktivitetane sine. I idrettslaget var det særleg turngruppa som hadde nytte av den store samlingssalen. Turngruppa hadde ofte framsyningar på basarar og julefestar som ungdomslaget og andre foreiningar arrangerte på Valhall. Til slike festar kunne det også kome besøk frå turnforeininga i Ålesund.

Kino for folkebad

I 1930-åra var Valhall også tilhaldsstad for møbelbedrifter. Vestlandske Kurvvarefabrikk AS var den første verksemda som leigde lokale på Valhall. Også Lenestolfabrikken Solid og Klocks Lenestolfabrikk heldt til her i kortare periodar. Ungdomslaget tok elles opptaket til fleire matnyttige kurs for ungdomen. På Valhall vart det skipa til både snikkarkurs, vevkurs, fargekurs og andre kurs.

Frå 1939 og åra framover var det kinodrift på Valhall. Ungdomslaget gjekk samen med Aure Sanitets Gjentelag om kinoen, og etter planen skulle drifta finansiere eit folkebad i sentrumskrinsen.

Nytt samfunnshus

I åra etter krigen var det stor aktivitet i Valhall og eigarlaget måtte ved fleire høve seie nei til lag og personar som ønskte å bruke huset. Kapasiteten var sprengt. Huset stetta heller ikkje krava som vart stilt til eit moderne samlingshus. Huset var vinterkaldt og det var vanskeleg å få opp temperaturen inne sjølv om det var kjøpt inn to store elektriske omnar. Elles kunne folk registrere at golvet svaia når dansen var på det livlegaste. Det vart difor sett i gang planleggingsarbeid for å få til meir eigna lokale. Først vurderte dei ei utviding og utbetring av Valhall. Valet fall til slutt på nybygg og på ei tomt ved Aureelva. Der fekk ein til eit samarbeidsprosjekt med skulane, og husbygginga kunne realiserast som eit spelmiddelprosjekt. I 1969 stod det nye samfunnshuset i Sykkylven ferdig, og Valhall hadde gjort si teneste. Bygget var selt til Sykkylven kommune for 65.000 kroner og rive ned.


Kjelde:

  • Eldar Høidal: Opp og fram gjennom leik og alvor. Sykkylven frilynde ungdomslag 100 år. 1893 - 1993.