Aure sanitets gjentelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aure Sanitets Gjentelag var ei sanitetsforeining på Aure som vart skipa i 1919. I Sykkylven, som elles i landet, vart det tidleg i 1900-åra etablert sanitetsforeiningar. Ei hovudoppgåve for desse foreiningane, som stort sett berre hadde kvinnelege medlemer, var å fremje eit godt helsestell i lokalsamfunna. Dei første åra var det særleg kamp mot tuberkulosesjukdomen som stod i fokus. Slik var det også for Aure Sanitets Gjentelag. Laget samla inn midlar som mellom anna vart nytta til utstyr til tuberkulosepasientane på Haukåsen i Ørskog. Dei gav økonomisk stønad til sjukehusopphald til slike som trong det, og gav elles gåver til trengande familiar i bygda. I 1920-åra betalte jentelaget jamnleg løn til ei sjukesyster i kommunen. I Sykkylven var det elles tidlegare, i 1912, skipa eit Søkkelvens Tuberkuloselag, som ei grein av ungdomslaget. Dette gjekk inn i Sykkylven helselag i 1927.

Ved skipinga i 1919 hadde Aure Sanitets Gjentelag 53 medlemer. Dei kom frå krinsane Aure, Aurdal, Fauske og Vik og var frå konfirmasjonsalderen og oppover til vaksen alder. I 1927 var 30 jenter med. Deretter stabiliserte medlemstalet seg på ca 20-25.

Opplesing på møta

Fast møteplass for foreininga fram til 1935 var kjellaren på ungdomshuset Valhall. Der hadde dei sin eigen kaffikjel, "pikeforeningskjelen." Seinare samlast dei etter tur i private heimar, der dei strikka, sydde og broderte ting som skulle seljast på tombola og basarar for å skaffe inntekter. Eit av dei mest populære innslaga på samlingane var høgtlesing frå bøker. I tillegg vart det lest frå bladet Ungdomsvon og stykke frå vekeblad som medlemene hadde med seg. Under høgtlesinga var medlemene flittige med handarbeidet. Kvart år skipa dei til morsfestar på Valhall. Likeså var det skotårsfestar når det var aktuelt. Jentelaget arrangerte også turar for medlemene. Mellom anna var dei i 1930-åra på fleire fotturar og på ein busstur til Otta, Lom og Vågå.

Samfunnshus med badebasseng

Saman med Sykkylven frilynde ungdomslag byrja dei med kinodrift på ungdomshuset Valhall i 1939. Meininga var at overskotet skulle gå til eit folkebad i ungdomslagskrinsen. I kontrakta som vart utarbeidd mellom dei to laga gjekk det fram at det skulle vere eit møterom med kjøkken i det planlagde folkebadet. Meirkostnaden som dette møterommet ville føre til skulle dekkast av jentelaget, og dei skulle få disponere rommet.

Etter kvart fekk dei fleste heimane eigne baderom, så trongen for eige folkebad vart mindre. Pengane som dei hadde fått inn gjennom kinodrifta gjekk i staden inn som ein del av grunnkapitalen til det nye samfunnshuset på Aure som vart innvigd i 1969. I dette bygget vart det i tillegg til samlingssal med scene også symjehall og kjøkken. Husproblema til jentelaget var dermed overvunne. Allereie tre år før samfunnshuset stod ferdig hadde jentelaget overført sin andel i Sykkylven kino til Sykkylven samfunnshus L/L. Dermed var samfunnshuset sikra ei god inntektskjelde framover.

Gåve til kyrkja

Tidleg i 1990-åra gav Aure Sanitets Gjentelag også vekk aksjane i Sykkylven samfunnshus til Sykkylven frilynde ungdomslag, Musikklaget Lurlåt (Sykkylven janitsjarorkester), Sykkylven idrottslag og Sykkylven blandakor.

Det var vanskeleg å få nyrekruttering til jentelaget etter som dei gamle medlemene fall frå, difor minka aktiviteten gradvis av. Kring år 2000 vart midlane som laget hadde ståande på konto gjevne til Sykkylven kyrkje, og organisasjonen vart lagt ned.

Kjelder

  • Eldrid Suorza: Aure Sanitets Gjentelag. I Årbok for Sykkylven 1999.
  • Jon Hole/Mindor Hjellegjerde: Sykkylven kommune - Sykkylven kyrkje 1883 - 1983. Sykkylven 1983.
  • Eldar Høidal: Opp og fram gjennom leik og alvot. Sykkylven frilynde ungdomslag 100 år. 1893 - 1993. Sykkylven 1993.