A. Riksheim Kurvmøbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

A. Riksheim Kurvmøbelfabrikk var ein korgmøbelverkstad i Sykkylven. Andreas Riksheim etablerte verksemda i 1913.

Andreas Riksheim måtte tidleg ut for å tene til livsopphald. Då han var to år gammal, omkom faren på sjøen, og som 11-åring kom Andreas i teneste på Langlo på Stranda. På nabotunet heldt P.I. Langlo til med korgmakarverkstad i kjellaren. Her fekk Andreas gå i lære mellom gardsvinnene.

I 1913 flytta han attende til Riksheim og byrja å lage korgvarer for eiga rekning. Han heldt til i ei gammal kårstove i Pegarden på Riksheim. Opphavleg hadde familien ått ein gard på Bakkane på Riksheim, men den måtte dei forlate då familiefaren kom bort på sjøen.

Frå først av laga Andreas mest korger. Fletta stolar og bord gjekk det også ein del av.

I 1918 flytta han over fjorden og heldt fram med produksjonen i eit hus på Syvermyrane på Tjønes. I 1920 fekk han kjøpe bruket Myra lenger oppe i bakkane på Tjønes. Han vølte først den gamle stova som var på plassen. Sidan bygde han nytt stovehus, der han fekk verkstad i kjellaren. Produksjonen var stolar, bord, sjukekorger, baby- og klekorger og klebankarar. Til vanleg var Andreas Riksheim åleine i verkstaden, men han hadde somtid læregutar som fekk vere der nokre veker eller månader. Jens E. Ekornes var ein av dei som fekk innføring i møbelframstilling hos korgmakaren på Tjønes.

Andreas Riksheim heldt fram å lage korgmøblar sjølv om lenestolane utover i trettiåra tok over meir og meir av kjøparinteressa. Stoppa korgstolar hadde eit eksklusivt særpreg som appelerte til kjøpargrupper lenge enno.

Frå slutten av trettiåra kom son til Andreas, Oddleif Riksheim, med i produksjonen. Fram til Andreas døydde i 1966, var det dei to som utgjorde arbeidsstokken.

Då Oddleif tok over eineansvaret, vart drifta spesialisert omkring klebankarar og spanskrør. Han leverte bankarane til eit fast grossistsamband. Konkurransen frå lågkostlanda vart tyngjande også i denne bransjen. Halvfabrikata importerte frå Søraust-Asia stetta etter kvart det norske behovet for korgflettingsprodukt. Oddleif Riksheim fletta klebankarar og laga andre korgvarer som hobbyarbeid til langt ut i pensjonistalderen.

Kjelde