Brødrene Eidem Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brødrene Eidem Møbelfabrikk var ein møbelprodusent i Fauskebygda i Sykkylven. Det var brørne Kåre og Karl Johan Eidem som gjekk i gang med produksjon av salongbord på farsgarden på Ytre Fauske i 1948. Dei heldt til i eit bygg som berre bestod av kjellarmur med takplate over. Det var på denne grunnmuren Karl Johan Eidem bygde stovehus i 1954.

Før Eidem-brørne starta i 1948, hadde salongbordfabrikken gått i regi av eit driftslag der Kåre Eidem, Knut Otterlei og Leif L. Grebstad var med. Denne verksemda fekk namnet Ergo Møbelfabrikk. Karl Johan Eidem hadde tidlegare vore aksjonær og forretningsførar i Ullavik Møbelfabrikk.

Brørne Eidem Møbelfabrikk var godt utstyrt med snikkarmaskiner. I 1948 hadde bedrifta åtte tilsette, mellom desse var maskinsnikkarar, treskjerarar og polerar.

I 1950 var det ute med verksemda.

Kjelde