Brukskunst (foretak)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brukskunst AS var ei brukskunstforretningAure i Sykkylven. Forretninga vart skipa i 1972, og var slik namnet seier, ei forretning for brukskunst. Men i same lokale var det og salsutstilling av kjøkkeninnreiingar og bygningskontor for Stranda Bruk A/S. Firmaet hadde alt då gode forretningssamband i inn- og utland, og kunne såleis tilby ein del ekstra og sjeldne varer.

Etter kvart vart det slik at salsavdelinga til Stranda Bruk A/S vart nedtrappa, og brukskunstavdelinga ekspanderte tilsvarande. Eigarane ønskte då å selje firmaet, og Irene og Leiv Drotninghaug kjøpte aksjane i 1978.

Irene Drotninghaug hadde arbeidd i firmaet i fire år, og hadde elles lang røynsle frå liknande arbeid i andre forretningar. Ho overtok som styrar.

Dei nye eigarane dreiv firmaet stort sett i same lei som før: eit utval av brukskunst saman med ein del meir spesielle artiklar. I tillegg satsa dei på billegare og vanlege bruks- og pynteting. AS Brukskunst hadde eit assortert vareutval som femna om mange prisklasser.

I 2001 var Irene Drotninghaug blitt pensjonist og butikken vart då avvikla. I nokre år framover dreiv Jan Kåre Rønning eit utsal av pynte- og suvenirgjenstandar i dei same lokala.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1982.