Brødrene Utgård Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brødrene Utgård Møbelfabrikk var ein møbelfabrikk i Hundeidvik i Sykkylven. Det var brørne Toralf og Peder Utgård som skipa bedrifta i ei sjøbud i Hundeidvik i 1948. Før den tid hadde Peder sidan 1940 drive daglegvarehandel i Hundeidvik. Toralf hadde frå 1944 tent til livsopphald som snikkar.

Brødrene Utgård Møbelfabrikk laga overstoppa lenestolar og salongar, og bedrifta hadde i 1948 ein arbeidstokk på tolv personar.

I sjøbuda dreiv dei til ho brann ned i 1953. Ei tid før hadde Toralf reist til Hareid og sett i gang lenestolproduksjon der. Peder dreiv den brannråka verksemda vidare i kjellaren i bustadhuset sitt. Den fekk no namnet Huna Fabrikker. I 1955 hadde han fem møbeltapetserarar i arbeid. I 1959 bygde Peder Utgård nytt fabrikkbygg nede ved sjøen på Utgård. Frå då av tok han også på seg lakkfabrikasjon.

Lakkavdelinga vart i 1961 seld til Norsk Lakkfabrikk i Oslo. Dei la ned drifta i Hundeidvik i 1966. I 1967 kjøpte Peder Utgård fabrikken tilbake og dreiv han fram til han vart sjuk i 1970. Seinare har fabrikkbygget mellom anna gjeve rom til eit smoltanlegg som son til Peder, Ole Andreas Utgård, stod ansvarleg for. Dei siste åra er det verksemda Fischtech som har nytta anlegget.

Kjelde