Flø
Hopp til navigering
Hopp til søk
Flø er ei bygd på nordvestsida av Hareidlandet i Ulstein kommune, om lag åtte kilometer nord for kommunesenteret Ulsteinvik. Staden ligg nokså værhardt til, med Atlanterhavet rett ut, men i ly av høge fjell mot aust. Bygda, som har snautt 200 innbyggjarar, hadde tidlegare eigen skule, men denne er nedlagt. I skulebygget held no kunstgalleriet Studio Hugo Opdal til. Flø har òg campingplass og forsamlingslokale (Vonheim).
Gardane her heiter Ytreflø, Midtflø, Indreflø og Roppe. I Norske Gaardnavne heiter det om Flø «at Navnets Betydning er ikke forklaret. Gaardene ligger paa et fladt, temmelig bredt Forland under Fløhornet.»
Kjelder og litteratur
- «Flø», Wikipedia
- Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne.
- Studio Hugo Opdal