Fiolin

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Fele»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fele blir omdirigert hit. Sjå òg hardingfele.

Vanlig fiolin eller fele, òg kalla flatfele eller tyskfele, er eit strykeinstrument i fiolinfamilien. Fiolinen har fire strenger, som vanligvis er stemt g d' a' e" , og i motsetning til hardingfela har han normalt ikkje understrenger. Tradisjonelt har fiolinen vorte bruka til både klassisk musikk og folkemusikk/gammaldans. I samband med folkemusikk blir han oftast kalla fele — og gjerne flatfele eller tyskfele for å skilje mellom fiolin og hardingfele. I dag blir fiolinen bruka i dei fleste musikktypane.

Historie

Renessanse og barokk

Fiolinfamilien, òg kalla viola da braccio ('armviol') i dei første åra, ser ut til å vera ein nykonstruert instrumentfamilie frå ca. 1520. Han byggjer på dei tidligare strykeinstrumenta, inkludert viola da gamba ('kneviol'), som han òg er oppkalla etter. Dei viktigaste medlemmene av fiolinfamilien er fiolin, bratsj og cello, så vel som kontrabassen, som rettnok har fleire trekk frå gambefamilien.

Til å begynna med vart fiolinen utstyrt med tjukke tarmstrenger, og han var eit relativt lydsterkt instrument som vart rekna til Musica alta. Det vart eksperimentert noko med ulike strengesortar, og Heinrich Schütz (1585–1672) uttrykte sin frustrasjon da metallstrengene han likte å rigge opp fiolinar med vart tekne ut av produksjon. Framover mot slutten av 1600-talet var det framleis svært tjukke tarmstrenger som galdt i det solo-dominerte Italia, men i det meir tutti-dominerte Frankrike hadde dei begynt å bruke tynnare strenger som var meir lettspela. Der begynte dei òg med omspunne strenger for å få instrumenta meir lettspela i bassen — deriblant open-omspunnen tarmstreng til d-strengen som framleis er i bruk for hardingfela i dag.

Klassisismen

Johannes Olson Valen (ca. 1820–1909) frå AureNordmøre med fiolin av barokk/klassisk type (merk det relativt korte gripebrettet) og boge av tourte-typen — ein vanlig situasjon elles i Europa mot slutten av klassisismen.

Framover mot slutten av 1700-talet fikk ein del av instrumenta noko uttynna lokk for ein svakare, mørkare og meir resonant tone.

Romantikken og nyare tid

I Tyskland utover 1820–1830-åra fikk instrumenta stadig kraftigare strengar. Ut frå det Ludwig Spohr skreiv, ser det ut til at total-strengetrykket for ein fiolin gikk opp frå typiske 20–30 kg frå seinbarokken til 45 kg. Dei gamle instrumenta, som godt tolte eit trykk kring 30 kg, vart for svake, og det vart sett i gang ei storstilt ombygging frå den gamle fiolintypen (som vi i moderne tid kallar barokkfiolin) til ein type med kraftigare bassbjelke, lengre hals og brattare halsvinkel som vi kjenner som den vanlige romantisk-moderne fiolinen i dag. Tidlig på 1900-talet snudde toneidealet igjen, og ein begynte å bruke lettare strenger att.

Scordatura eller felestille

Normalstemminga for fiolinen er, som nemnt ovanfor, g d' a' e" . Både i klassisk musikk og i folkemusikk blir det òg bruka andre stemmingar. I klassisk musikk blir dei andre stemmingane kalla scordatura. Det mest kjente eksempelet på scordatura er Die Rosenkranz-Sonaten (ca. 1676) av den bøhmiske fiolinvirtuosen Heinrich Ignaz Franz (von) Biber, et verk med 15 sonatar og ein passacaglia der det blir bruka 15 ulike stemmingar.

I den norske felemusikken blir det òg bruka fleire stemmingar — eller stille, som det gjerne blir kalla i folkemusikken. Dei fire mest bruka stilla er:

  • nedstemt bas - g  d' a' e"
  • oppstemt bas - a  d' a' e"
  • oppstemt ters - a  e' a' e"
  • trollstemt - a  e' a' c#"

Eit anna kjent, men mykje mindre bruka, stille frå Setesdal er:

  • gorolaus’e bas’e - f  d' a' e"

Det stillet er særlig bruka til rameslåttane. Men det same stillet er òg ein del bruka i Gudbrandsdalen; og der finst det endatil eit liknande stille der g-strengen blir stilt enda lengre ned — heilt til d:

  • (utan namn) - d  d' a' e"