Motiv frå Remmingen. Foto: Laila Skaret (2009)
Remmingen er ei samling øyer i Smøla kommune på Nordmøre. Dei er lokaliserte nordaust for Glasøya, på innsida av Smøla. Øyene høyrer inn under garden Hellesfjord. På den største av desse øyene har det vore busetjing heilt fram til i dag. Peder Kristensen Kattholm og kona hans, Mildri Steffensdotter Oterholmen, var dei fyrste som busette seg på Remmingen. Dei kom til staden som husmannsfolk omkring 1850. Familien livnæra seg av fiske.
I 1947 vart Remmingen seld frå Ingvald Åsheim til Harald Kulø for kr. 6.000. Kulø var ikkje busett her, men bruka staden til laksefiske og beite for sauer. Les mer …
Kulisteinen. Foto: Dagfrid Boot Kulisteinen er en 1,9 meter høy, slank og firesidet runestein, med et innhugd kors på den ene bredsiden og runeinnskrift i to loddrette linjer på den ene smalsiden. Toppen av steinen mangler. Steinmaterialet er gneis.
Kulisteinen blir kalt Norges dåpsattest, fordi det er første gang man vet om at navnet "Norge" er brukt på norsk jord. Steinen er også en av de første kjente kildene som vitner om og gir en datering av innføringen av kristendommen til Norge. Selve steinen ble i 1913 flyttet til vitenskapsmuseet i Trondheim, men det ble i 1989 reist en kopi på Kuli i Smøla kommune, Møre og Romsdal der man antar at originalen sto. Les mer …
Satellittbilde av Edøyfjorden frå juli 2004. Edøya er den smale øya litt ovom midten av bildet. På andre sida av fjorden, rett sør for Edøya, ser vi øya Solskjel, og kring Solskjel att ymse andre øyar i noverande Aure kommune. Foto: NASA
Edøya er ei 7,5 km² stor øy i Smøla kommune på Nordmøre. Det ligg to matrikkelgardar på øya, Edøy (gnr. 13) og Kyrhaug (gnr. 12). Edøya, som ligg strategisk til ved inngangen til Trondheimsleia (tidlegare kalla Skeida), var stormannssete i mellomalderen og gav namn til det sørlege halvfylket av det gamle Norðmǿrafylki, etterkvart kjent som Edøy len. Edøy len vart vidareført i Nordmørs futedømme, som i sin tur i hovudtrekk svarar til dei elleve nordmørskommunane i vår tid. Øya er blant anna kjent for Edøy gamle kyrkje, ei steinkyrkje som vart bygd kring 1190 — opprinneleg truleg som gardskapell. I nyare tid har øya gjeve namn til Edøy prestegjeld, som vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749, og Edøy formannsskapsdistrikt. Les mer …
|