Edøya

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Satellittbilde av Edøyfjorden frå juli 2004. Edøya er den smale øya litt ovom midten av bildet. På andre sida av fjorden, rett sør for Edøya, ser vi øya Solskjel, og kring Solskjel att ymse andre øyar i noverande Aure kommune.
Foto: NASA

Edøya er ei 7,5 km² stor øy i Smøla kommuneNordmøre. Det ligg to matrikkelgardar på øya, Edøy (gnr. 13) og Kyrhaug (gnr. 12). Edøya, som ligg strategisk til ved inngangen til Trondheimsleia (tidlegare kalla Skeida), var stormannssete i mellomalderen og gav namn til det sørlege halvfylket av det gamle Norðmǿrafylki, etterkvart kjent som Edøy len. Edøy len vart vidareført i Nordmørs futedømme, som i sin tur i hovudtrekk svarar til dei elleve nordmørskommunane i vår tid. Øya er blant anna kjent for Edøy gamle kyrkje, ei steinkyrkje som vart bygd kring 1190 — opprinneleg truleg som gardskapell. I nyare tid har øya gjeve namn til Edøy prestegjeld, som vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749, og Edøy formannsskapsdistrikt. I dag er øya eit trafikknutepunkt med bru- og vegsamband over Kulisvaet, Kuli og Rossvolløya til StraumenFast-Smøla, ferjesamband til SandvikaTustna og hurtigbåtsamband mot Kristiansund og Trondheim. Det er korresponderande bussar til aust- og vestsida av Smøla, og på Sandvikssida er det korrespondanse med bussruta Kjørsvikbugen–Kristiansund. Det er føreslege tunnel frå Valen på Edøya over Edøyfjorden til HøvikaErtvågsøya,[1] noko som vil gje fastlandssamband for Smøla kommune om det blir gjennomført.

I kulturell samanheng har Gurispelet av Peggy Kruse innteke ei stadig meir sentral rolle dei siste åra, og eit amfiteater som skal heita Gurisenteret er planlagt å vera ferdig til sommaren 2009.

Topografi

Kyrhaug fyr.
Foto: Olve Utne

Edøya er smal og langstrakt og for det meste relativt flat. Ved sjølve Edøygarden og kyrkjestaden nærme sørvestenden av øya er det eit eid. Litt nordaust for detta eidet ligg haugen Storvarden, som med sine 41 moh. er det høgaste punktet på heile Edøya. Lenger nordaust ligg det eit lågt eid som danar grensa mellom matrikkelgardane Edøy og Kyrhaug. Detta eidet og bukta nordom det heiter Valen eller Edøyvalen. Nordaust for Valen ligg Kyrhaug (eigentleg Kyrhaud frå norr. *Kýrhǫfuð, ‘kuhaud’) med myrlendt landskap og Kyrhaugvatna attom. Det høgaste punktet på denne delen av Edøya er Sandbukthaugen med sine 39 moh.

Edøy gamle kyrkje
Foto: Olve Utne

Historie

Bilferja MF «Tingvoll» og hurtigbåten MS «Mørejarl» ved kai på Edøya.
Foto: Olve Utne

Fotnotar

Kjelder

Eksterne lenker