Edøy gamle kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Edøy gamle kyrkje
2174 Edoey gl krk inni.jpg
Interiør av Edøykyrkja.
Foto: Olve Utne
Sted: Edøya
Byggeår: kring 1190
Endringer: 1695 - forlenga
1887 - brent etter lynnedslag
1947 - restaurert
1990 - oppussing; sett inn pipeorgel av Mike Zuber
Kirkegård: Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Materiale: stein
Mål: 17,7 × 9,5 m
Kor: 5,5 m × 5,9 m
Skip: 12,2 m × 9,5 m
Sitteplasser: 120
Kyrkja sett frå nordaust.
Foto: Olve Utne
Den tidlegare prestegarden ved Edøy gamle kyrkje
Foto: Olve Utne

Edøy gamle kyrkje, tradisjonelt kalla Edøykjerkjå (dativ Edøykjerkjonn) på folkemunne, er ei steinkyrkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommune på Nordmøre. Eit skriv frå 1695 nemner at kyrkja vart lengd med sju alen. Kyrkja vart nedlagt i 1885, og ho brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887. Alt treverk og interiør anna enn altartavla og nokre få andre gjenstandar gjekk tapt. Altartavla vart øydelagt under bombinga av Kristiansund i 1940. Kyrkja vart bruka som lager av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1947 vart kyrkja oppattbygd med 120 sitteplassar, og ho vart atterinnvigd den 4. juni 1950. Kunsten i kyrkja inkluderer eit krusifiks av Oscar Lynum og treskurden «Det brukne kors» av Daniel Hagerup. I samband med 900-årsjubiléet i 1990 vart kyrkja nyoppussa og det vart sett inn nytt orgel bygd av Mike Zuber der i 1991.

Kyrkja var i 1814 valkyrkje for Edøy prestegjeld, som da omfatta noverande Smøla kommune og Tustna inkludert vestsida av Ertvågsøya i noverande Aure kommune.

Eldre kjelder om Edøykyrkja

Hans Grøn Bull

Kjelde: Hans Grøn Bull: «Et og Andet om Edøe-Præstegjeld paa Nordmøer»

Edøe, Matr. No. 58, i Halse-Thinglaug, af gammel Skyld 3 Spand 1 Øre 12 Mkl., formodentlig saakaldet af Edderfuglen, som saavel her som paa mange andre Steder i denne Egn har Rede, er en stor, flad, aflang og smuk Øe med god Jordbund til Høe, Korn og Potatos, af saadan behagelig Beliggenhed, at man seer hvert Skib og Fartøi, der gaaer Ledet til eller fra Trondhjem; den eies og beboes af Pastor emeritus Hr. Søren Hagerup Holck. Her staaer paa en liden Forhøining nær Søen, lidt østenfor Gaardens Huse, Hovedkirken, en gammel Steenbygning af een Længde, liden, lav, mørk, med smaae Vinduer. Efter gammelt Sagn skal Arbeidet være blevet standset med denne saavelsom Dolmøe-Kirkes Opbyggelse paa Hitteren formedelst den sorte Død, som borttog de fleste Mennesker, altsaa under Bygning i Midten af det 14de Seculum. Et Skriftehuus af Træe er i senere Tid bygget til dens nordre Side, til hvilket man maa gaae nede i Kirken; den har ingen betydelig Zirat eller anden Mærkværdighed. Dens Jordegods er ikkun 1 Spand 1 Øre 1 Mkl. med og uden Bygsel. Kirkegaarden, hvis Jord er fin Sand, ligesom paa Bremsnæss Kirkes ved Christiansund, er adskilt fra Kirken, ligger imellem denne og Gaardens Huse. Saavel Præstens som Kirkens Korntiende er ringe, men Fisketienden i gode Aar betydelig, naar man kunde faae Ret derpaa; thi den betales in natura.

Gammal segn om Edøykyrkja

Denne segna skreiv lærar A. Kværnberg ned i 1868 etter ein gammal mann i JørenvågenTustna:

E ska no fertæl ei stroff e å, sjønt e trur no’kje på at de e sant. Å kor så e, så e de no leinne sia de heint. Sikker på de va fære hass bessfar hass gammel-bessfar si ti. No ska du hør:

Dem sokna åt Edøykjerkjåin den tia å, men de va sjellå at fålk tå Sør-Tussn va me kjerkjå på vintra. Men så va de en julmårgå, de va så fint å stillt at o røft se ikje fjøra. Å så bar de avste me en båt herifrå. Dem mått vara tile på di — dem mått no vara i båta fære klokkå fem. De e så å ro ikring na svart Golmøya, å så flaut dem ikje Kråksunne hell, å så dro dem båten åver lainne synnafær Fætten — åver Klåkkvikja dem kalla. Da dem kom uti Synna-kjeftn fikk dem sjå en kjerkebåt me mykji fålk tu Gålmåin, både karra å kvinnfålk. Så va de en tå karrå på Jørnvågbåta så va litegran på sveia, fær de va no i juln, å hain sett-ti å rop åt gålmingå: Høy — stakkalla! Vil di kappro? Men de leet ikje ti galmingå, men dem lange ut årann i en snoff, å så bar de te. Men gålmingain e slemm te å ro, å de va da dem her å. Dem ligg dagainnes dag sø på sa fjora å rør sy ta svart fossnahålle. Men så va de ei tå gålmkjerringå så braut av åra si, å da seig glåmbåtn attom. Men dem dro se te att, å dem la åt føsst, lell dem, der på Hyllain, austafor Edøyskajå, der dem la-åt, da så no. De ha drie se te en fin gråe innrønn synnå, så de låg no gått an fær å segelt å, men dem jor kje de, karrain.

Da dem ha vaska se oppi ei lita kjøinn å haft på se kjerkjekleån å sett på se halskraga, så to dem ti å rakkel oppi garn. Prestn hill-te ti en litin kåve der så husa hass Per Edøyn no e. De va så svart inni glasa hass, at de va mæstå støkt. Men de va ikje nåkkåin tå dem så færsto karlessn de skull ha se.

De va einno så tile dags at de va kje levvainnes å sjå, å mørtt va de. Da dem kom mett fær na gammel kjerkjegarn va de en så tøkt hain haur eit ban så gret innpå der, men di ainner sa de mått vara ei katt så hill på jamra. Men da de bynnt å jøssn, så vart dem vars nåkkå ainna. De låg så fullt me gammelt fjølrask innpå kjerkjegarn, at de va så de va strødd ikring. Åjau, de ha vårre ei uinnele julnatt, de fekk dem hør sia. Færmontle va de inkvainn så ikkje kunnme-di så ha fått-ti svartbokja åt presten, å så løyst’n gammel-Erik, så’n fikk farra-at så’n sjøl villa. Nåkk e de — han va kommin innpå kjerkjegarn, å der vart de stor-spetakkel. Duingan vart o-klar semyllå å ha se opp tu gravå sin, flaug på kvarainner å bruka kjistain sin te å slå me så mållain dreiv. De va så de va sådd me fjølmålla, kjestlåkk og gavla å bottnfjøle over de heile.

Presten ha fått haurt dunder å mått opp mett på nattn å borti skreft-huse å ha på se kjolin å møss-skjortå å møsshakan å kragain, å me de jekk’n innpå kjerkjegarn me svartbokja ti ei hainn å ei løkt ti denn ainner. Men da’n ha sett gammelkarn fasst, da vart de stillt me en gång. Men de va ekje tile de vart bejynt borti kjerkjåin den morgån, fær prestn trång såvva attpå-att ei slik natt, kain di sjønn — .

Bildegalleri

Utvendig

Innvendig

Kjelder

Koordinater: 63.2855848° N 8.1314708° Ø