Belle Gunness med dei tre borna hennar, to med Mads Sorenson og yngstemann med Peter Gunness. Biletet vert gjerne datert kring 1908, men yngstemann vart fødd i 1903, og var kanskje noko yngre enn fem år her. Foto: Ukjend. Belle Gunness, opphavleg Brynhild Paulsdotter Størset (fødd 11. november 1859 i Selbu, offisielt død 28. april 1908 i LaPorte i Indiana) var ei husmannsdotter frå Trøndelag som vart kjend som den første kvinnelege seriemordaren i USA. Det er skrive fleire bøker og laga dokumentarfilmar om ho.
Den 1. april 1902 gifta ho seg med norsk-amerikanaren Peter Gunnes, opphavleg Peder Simensson Gunnes frå Sandsvær. Då sonen deira vart fødd våren 1903 hadde mannen allereie vore død i nokre månader; forklaringa til Belle var at han i desember 1902 fekk ei kjøttkvern i hovudet og døydde av brot på skallen.
Etter at Peter Gunnes døydde levde ho eit nokså anonymt liv på farmen. Den 28. april 1908 brann så huset ned. På branntomta fann dei fire lik, etter ei kvinne og tre born. Dei trudde naturleg nok at det var Belle og borna hennar, sjølv om det var noko merkeleg at kvinneliket mangla hovudet.
Kort tid før brannen hadde Asle Helgelien kome til LaPorte, på leit etter broren Anders Helgelien. Anders hadde vore i kontakt med ei enke i LaPorte med tanke på ekteskap, og Asle fann fram til Belle Gunnes. Han vart avvist, men etter brannen byrja han å leite på tomta. Der fann han raskt det nedgravne liket av broren. Politi og liksynsmann kom til staden, og byrja leite vidare. Ifølgje rapporten fann dei ti mannslik og to kvinnelik der, og truleg restar etter fleire. Under likskuet vart det kjend at Belle hadde hatt kontaktannonsar i skandinaviske aviser i USA, der ho skreiv at ho var ei enke med ein formue på 8000 dollar, som ville ha ein mann som hadde like mykje. Naboane kunne fortelje at det hadde vore ei rekkje framande menn innom, og at ho hadde sagt at dei var slektningar som var innom. Les mer …
Kart over framrykningen og tilbaketrekningen. Datoene er i henhold til juliansk kalender.
Karolinernes dødsmarsj var det svenske forsøket på å ta seg tilbake til hjemlandet over Tydalsfjellene i Trøndelag i januar 1719. Karl XII – navneopphavet til karolinerne – falt ved Fredriksten festning 11. desember 1718, og med det var store nordiske krig over. Etter at general Carl Gustaf Armfeldt fikk melding om dette forsøkte han å lede styrkene i Trøndelag over til Sverige, men de ble overraska av en voldsom storm. Neste to tredjedeler av de omkring 6000 soldatene omkom, og mange av de som overlevde hadde sterke forfrysninger. Sagn fra området forteller at norske bønder i løpet av våren henta ned betydelige mengder utstyr og våpen fra fjellet, og at det i lang tid var vanlig å komme over levninger av mennesker og hester der. Les mer …
Sørsamisk (sørsamisk åarjelsaemien gïele, åarjelsaemien) er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbreiingsområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Noreg og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Noreg blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk. Les mer …
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter. Les mer …
Stefan Frich med ei av skuleklassene sine. Tidspunkt og fotograf ukjent. Stefan Frich (fødd 17. desember 1844 i Hjørundfjord, død 14. mars 1927 i Fåberg) var skulemann, redaktør, forfattar og nynorskforkjempar. Han dreiv i 30 år friskule i Fåberg (nå Lillehammer kommune). Både religiøst, pedagogisk og politisk sett var Frich sterkt påverka av grundtvigianismen og Christopher Bruun. Språkpolitisk var han ein forkjempar for større innverknad frå austlandsmåla i landsmålet/nynorsken. Foreldra var Gjert Jansen Frich (1803-1863) og Ambrosia von Krogh (1807-1865). Stefan var den nest yngste i ein syskenflokk på sju. Oppveksten hadde han i Hjørundfjord (nå Ørsta kommune) og i Hegra (nå Stjørdal kommune), der faren var sokneprest. Stefan Frich levde ugift heile livet. Som 13-åring tok han til ved Katedralskulen i Trondheim. Her vart han introdusert for grundtvigianismen i kyrkjelyden til Fredrik Nannestad Wexelsen i Bakklandet sokn. Frich tok examen artium i 1862, og byrja rett etter på filologistudiar i Christiania. Han fekk vanskar med studiefinansieringa da faren døydde året etter, og var huslærar hjå Hornemann på Reins kloster i eit par år. I 1865 var han attende i Christiania og heldt fram med studiane. Samstundes arbeidde han som lærar ved Balchens Døveinstitut, og dreiv privatundervisning for artianarar. Les mer …
Enok Berg - fra heftet om Inntrøndelagen fylke av Det norske totalistlag
Enok Berg (født i Åmot 11. april 1856, død i Lånke 6. mars 1895) var en avholdsmann som arbeidet på jernbaneanlegg. 19 år gammel, i 1875 ble han gift med den seks år eldre Mari Eriksdatter Myttingshaugen fra Ringebu.Det er usikkert når og hvorfor disse har «utvandret» fra Åmot til Stjørdal. Men vi veit at Enok ble med på bygginga av Meråkerbanen, som per definisjon starter på Hell og går gjennom Meråker over Riksgrensen til Storlien.I 1876 fikk paret kjøpt et stykke udyra jord i Lånke, som de med alle krefter rydda og fikk bygd på. Dette var på den tida at det gikk en åndelig vekkelse gjennom bygda, som blant flere ble ledet av avholdsveteranen Ole Kallem. Det ble i sær Kallems virke som kom til å prege Enok Bergs seinere livssyn. Les mer …
|