Belle Gunness

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Belle Gunness med dei tre borna hennar, to med Mads Sorenson og yngstemann med Peter Gunness. Biletet vert gjerne datert kring 1908, men yngstemann vart fødd i 1903, og var kanskje noko yngre enn fem år her.
Foto: Ukjend.
Eit par veker etter funna på garden kom historia fram i norske aviser. Her eit utklipp frå Fredriksstad Tilskuer frå 13. mai 1908.

Belle Gunness, opphavleg Brynhild Paulsdotter Størset (fødd 11. november 1859 i Selbu, offisielt død 28. april 1908 i LaPorte i Indiana) var ei husmannsdotter frå Trøndelag som vart kjend som den første kvinnelege seriemordaren i USA. Det er skrive fleire bøker og laga dokumentarfilmar om ho.

Slekt og familie

Ho var dotter av husmann Paul Pedersson Størset (1806–1890) og Berit Olsdotter Langli (1817–1885).

I 1884 vart ho gift med butikkdetektiv Mads Sorenson (1854–1900),[1] og i 1902 med farmar Peter Gunness (1872–1902).[2]

Liv og virke

Ho vaks opp på husmannsplassen Størsetgjerdet i Selbu. Dåpen fann stad i Selbu kyrkje den 18. mars 1860.[3] Faren var husmann og steinhoggar, og måtte få hjelp frå fattigkassa for å fø familien. Som niåring måtte Brynhild byrje som gjetar på nabogardane. Etter konfirmasjonen vart ho tenestepike. Mellom anna var ho tre år hos Ole Rødde i Lånke.

22 år gamal utvandra ho i 1881 til USA. Ei eldre søster, som òg heitte Brynhild, hadde reist over til Chicago tidlegare. Vel framme amerikaniserte ho namnet til Belle eller Bella. Ho vart gift med den skandinavisk-amerikanske butikkdetektiven Mads Sorenson, òg kalla Max. Eigentleg heitte han Mads Ditlev Anton Sørensen, og han vart fødd i Drammen. Dei fekk fire born; det er usikkert om det var deira eigne born eller om dei var adoptert. To av dei døydde tidleg, og det var symptom på forgifting. Både hadde livsforsikring, som vart utbetalt. Heile tre hus som dei budde i brann ned, og forsikringa vart utbetalt kvar gong.

Då Mads døydde den 30. juli 1900 meinte ein lege at det var teikn på strykninforgifting. Men sidan ein annan lege meinte det var naturlege årsaker, fekk Belle utbetalt livsforsikringa på 8500 doller. For dei pengane kjøpte ho ein farm ved LaPorte i Indiana.

Den 1. april 1902 gifta ho seg med norsk-amerikanaren Peter Gunnes, opphavleg Peder Simensson Gunnes frå Sandsvær. Då sonen deira vart fødd våren 1903 hadde han allereie vore død i nokre månader; forklaringa til Belle var at han i desember 1902 fekk ei kjøttkvern i hovudet og døydde av brot på skallen.

Etter at Peter Gunnes døydde levde ho eit nokså anonymt liv på farmen. Den 28. april 1908 brann så huset ned. På branntomta fann dei fire lik, etter ei kvinne og tre born. Dei trudde naturleg nok at det var Belle og borna hennar, sjølv om det var noko merkeleg at kvinneliket mangla hovudet.

Kort tid før brannen hadde Asle Helgelien kome til LaPorte, på leit etter broren Anders Helgelien. Anders hadde vore i kontakt med ei enke i LaPorte med tanke på ekteskap, og Asle fann fram til Belle Gunnes. Han vart avvist, men etter brannen byrja han leite på tomta. Der fann han raskt det nedgravde liket av broren. Politi og liksynsmann kom til staden, og byrja leite vidare. Ifølgje rapporten fann dei ti mannslik og to kvinnelik der, og truleg restar etter fleire. Under likskuet vart det kjend at Belle hadde hatt kontaktannonser i skandinaviske aviser i USA, der ho skreiv at ho var ei enke med ein formue på 8000 dollar, som ville ha ein mann som hadde like mykje. Naboane kunne fortelje at det hadde vore ei rekkje framande menn innom, og at ho hadde sagt at dei var slektningar som var innom.

Ryktene svirra i LaPorte: Ho hadde vore horemamma i Chicago, ho lagde pølser av ofra, og ho hadde tatt livet av rundt førti menneskje. Dette var usant eller overdrive, men at ho hadde tatt livet av mange var det ingen tvil om.

Kva som hende med Belle veit vi ikkje. Eit rykte sa at ho flykta til Canada, og levde i mannsklede der. Truleg var det ikkje kvinneliket utan hovud Belle, og i så fall kom ho seg unna. Den einaste som vart dømd var ein gardsgutt, Ray Lamphere, som i november 1908 vart tiltala for medverknad til drap og brannstifting. I saka mot han erklærte juryen at liket var Belle Gunness, så offisielt var ho død og det vart ikkje lenger lett aktivt etter ho.

Kvinneliket utan hovud vart i 2000-åra henta opp, og DNA-prøver vart tekne. Ein freista å samanlikne dette med DNA frå konvoluttar som Belle hadde slikka på, men det viste seg å vere vanskeleg. Nokre nålevande slektningar sa seg viljuge til å gje DNA-prøver, og det var òg snakk om å grave opp søstera Nellie Larson.

Hausten 2006 sendte TV2 dokumentaren Bare Belle – En seriemorder fra Selbu av Anne Berit Vestby. I 2009 satte Anne Lorentzen opp konserten Alias Belle – en seriemorderske fra SelbuGrusomhetens teater, og same året gav ho ut ein CD med elleve songar med Belle som felles tema.

Referansar

Litteratur og kjelder