Peder Pedersen Aune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Pedersen Aune (født 1820 i Tydal, død 1882 i Minnesota) var gardbrukar, og var sannsynlegvis den fyrste som utvandra frå Tydal på 1800-talet. Han vart med på ein ekspedisjon som drog frå Trondhjem i 1850 for å grava gull i California, og var med på å etablere byen Joinville i Brasil føre han kom fram til gullfelta. Seinare kom han heim og busette seg på Røros, men vart berre buande der i ti års tid før han utvandra på nytt til Minnesota.

Barndom

Peder Pedersen vart født på Grubben av Aune i Tydal, og son av Anne Tomasdotter Prestmo og Peder Olsen Aune (1748-1828).[1] Faren hadde vori gardbrukar på garden Aune i fyrste ekteskapet sitt med Beret Gresli. Da han gifta seg andre gong, overlèt han Aune åt eldstesonen Ole Pedersen (1775-1869) og flytta til Grubben. Peder var eldste son i dette andre ekteskapet.[2] Han flytta til Røros i 1845, om lag 25 år gammal.

Gullfeber

Peder var sannsynlegvis den fyrste utvandraren frå Tydal til Amerika.[3] På denne tida var nemleg utvandringa til Amerika kommi godt i gang i mange fjord- og fjellbygder sønnanfjells, men hadde i liten grad nådd Trøndelag. Hausten 1850 vart det imidlertid rusta ut ein gullgravarekspedisjon i Trondhjem med California som mål, og Peder Aune vart med denne. Han drog saman med tre karar frå Røros: Ole Olsen Jamt d.e., Ditlef Andersen Strømmen og Ernst Lorentsen Kroken.[4] I slutten av oktober 1850 drog dei ut med skuta «Sophie» saman med 102 andre håpefulle gullgravarar, alle menn, og dei fleste trøndarar.

På nyåret i 1851 kom «Sophie» til Rio de Janeiro, som på den tida var hovudstaden i Brasil. Skipet vart sagt å vera i dårleg stand, og kondemnert, og dei 106 nordmennane sto derfor utan høve til å komma seg vidare. Da kom eit tilbod frå eit koloniseringsselskap av Hamburg om å bli kolonistar lenger sør i landet, eit tilbod 74 av de 106 nordmennene slo til på. Da dei kom til den nye kolonien som med tida skulle bli byen Joinville, valte 13 av dei å reise heim med den norske skuta «Colon», som hadde brakt tyske og sveitsiske kolonistar dit. 61 nordmenn valte å bli, iallfall for nokre år, og vart skrivne inn i den lokale lista over innvandrarar.

Frå sør til nord i Amerika

Aune var ein av desse 61, saman med Jamt og Kroken, mens Strømme vart att i Rio de Janeiro. Han arbeida eit par år ved eit teglverk i Joinville, dette teglverket er sannsynlegvis det same som Jens Hansen Mahlum frå Singsås skildrar i eit brev han skreiv heim i juni 1852, som han dreiv saman med mellom anna Peder Olsen Utby og Nils Embretsen Støen frå Tynset, samt «eit par rørosingar», vel Aune, Jamt og Kroken. I det same brevet skriv Mahlum at «Peder og Ole» har fått brev frå Røros, altså er det sannsynleg at dei framleis var der.[5]

Ein gong etter juni 1852 drog Aune og Jamt frå Joinville, i 1853 er dei nemleg i Valparaíso i Chile saman med Andreas Pedersen Røvold (1817-1892) frå Frol.[6] Aune og Jamt kom etter kvart til California: Ifylgje Ludvig Saxe fekk dei arbeid på gullfelta, og «hadde mange opplevelser og fikk visstnok også et ganske bra utbytte av turen, selv om det ikke ble noen rikdom».[7] Dei kom tilbake att saman til Røros i 1857, det er uvisst om Aune hadde med seg noko gull heim, men Jamt var seinare i stand til å gi ei gild gåve til niesa si laga av gullet han sjølv hadde grava ut i California, så det er sannsynleg at heller ikkje Aune kom tomhendt heim.

Att og fram «over Dammen»

Da Aune kom heim til Røros, hadde han iallfall middel nok til å stifte bu. 8. mai 1858 vart han gift med Olava Katrine Davidsdotter Lien (1836-) frå Nyplasshage,[8] og 21. mai same år kjøpte han bruket Engan.[9] Peder og Olava fekk iallfall to barn: Anne ca. 1858 og Peder ca. 1860.[10] Ifylgje folketeljinga 1865 hadde dei fire kyr og tre får på garden dette året.

Aune og familien vart buande på Røros mindre enn ti år: Han tapte mykje pengar på eit kausjonistansvar, selte eigendomen til Peder Larssen Salvevold og drog over dammen att i 1866, denne gongen til Delevan i Minnesota.[11] Her døydde han i 1882, ifylgje bygdebokforfattar K. J. Gullikstad i Tydal omkom han i «preriebrann».[12]

Noter

  1. Tøsse og Aas 1994, side 183.
  2. Gullikstad 1972, side 76; Tøsse og Aas 1994, side 183.
  3. Tøsse og Aas 1987, side 247.
  4. Rørosboka, bind 1 s. 483.
  5. Varg Villvoll, som publiserte brevet åt Mahlum i Fjell-Ljom i 1941, skriv at «Peder er trolig Peder Pedersen Aune fra Røros. Ole er sikkert Ole Olsen Jamt.»
  6. Molde 2000, side 179.
  7. Saxe: «Rørosinger i utlandet», i Rørosboka, bind 1, s. 483.
  8. Rørosboka 5, side 351; Ministerialbok for Røros prestegjeld 1845-1859 (1640P).
  9. Rørosboka 3, side 93.
  10. Tøsse og Aas 1994, side 183.
  11. Rørosboka 3, side 93; Tøsse og Aas 1994, side 184.
  12. Gullikstad, side 76.

Litteratur

Lenker