Forside:Surnadal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Trøndelag
Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
EideSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHalsaRindal

Om Surnadal kommune
1566 Surnadal komm.png
Surnadal kommune er ein kommuneNordmøre i Møre og Romsdal, som grensar til Halsa, Hemne, Rindal, Oppdal og Sunndal. Tingvoll ligg over fjorden i vest. Kommunesenteret er Skei.

Namnet kjem frå Surnadalen, som er den største av fleire daler i kommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Veterinær Anton Johnson Brandt.
Foto: Ukjent, hentet fra Minsaas 1988: Veterinæren i yrke og organisasjon : Den norske veterinærforening 1888-1988.

Anton Johnson Brandt (født 21. mars 1893 i Unjárga-Nesseby, død 14. november 1951 i Oslo) var en av sin tids fremste veterinær. Han var professor i patologi og patologisk anatomi ved Norges veterinærhøgskole fra 1941 til sin død, og rektor samme sted fra 1948 til 1951. Han var dessuten formann i Den Norske Veterinærforening mellom 1945 og 1948. Anton Johnson Brandt var født i Nesseby, der faren var sogneprest fram til 1899. Deretter var faren sogneprest i Surnadal fram til 1908, siden i Meldal.

Brandt tok middelskoleeksamen ved Trondheim katedralskole i 1909 og examen artium ved Kristiania katedralskole i 1912. Samme høst startet han sine veterinærstudier ved Den kgl. Veterinær- og Landbohøjskole i København. Brandt tok veterinæreksamen i 1919, og fikk deretter ansettelse som assistentveterinær ved Cheval dyreklinikk i Kristiania. Der ble han til han i 1922 ble ansatt som distriktsveterinær i Søre Valdres. Her var han til 1927, da han ble avdelingssjef ved Veterinærinstituttet i Oslo.   Les mer …

Ole Vilberg Wigdahl (1772 - 1827), borgar av Kristiansund, handelsmann i Aure. Han var fødd på garden Vigdal i Buvika i Byneset prestegjeld utanfor Trondheim. Foreldra var Ingebrigt Vigdal og Dorthe Paulsdtr. Ei tid var Ole Wigdahl kontorist for sorenskrivar Lindemann på Nordmøre, og i folketeljinga i 1801 er han såleis registrert i hushaldet til sorenskrivaren på garden Ytre Øye i Surnadal. I 1804 kjøpte han husa på det gamle borgarleiet Havna, ein husmannsplassen under prestegarden i Aure. Same år vart han borgar av Kristiansund med rett til å drive handel som uteliggjarborgar i Aure. I 1810 kjøpte han kyrkja i Aure, og han var elles ein aktiv deltakar innanfor ei rekkje område i lokalsamfunnet. Som handelsborgar var han medlem av bygdekommisjonen fram til slutten av 1808. I 1807-08 var han også første forlikskommisær i Aure. I 1814 var han ein av initiativtakarane for å etablere bygdemagasin i Aure, og ei stund var han forvaltar for bygdemagasinet. Frå 1818 var han hjelpevaksinatør i prestegjeldet.   Les mer …

Sandstad kirke, der Lars Aalmo var organist.
Foto: Commons-brukeren Gams (2007)

Lars Aalmo (født 12. juli 1898 i Åsskard, død 12. juni 1978) var lærer, organist, skytter og lokalpolitiker i SandstadHitra.

Han var sønn av Gjertrud f. Rimstad og Ole Larsen Aalmo. Faren var lærer og kirkesanger og seinere ordfører i Sandstad. Da Lars var 12 år gammal, i 1910, bodde familien i Fillan kommuneHitra. Lars Aalmo tok eksamen ved Nordmøre amtsskole i 1914 og gikk ut fra Engebøs Elektoniske Elementærskole i Holmedal i 1917. Han tok eksamen ved Levanger lærerskole i 1921.

Som nyutdanna begynte han 1. juli 1921 som lærer i Akset og Utset skolekretser i Sandstad. I åra 1921-22 var han lærer ved fortsettelsesskolen i Strand i samme kommune (som i 1964 ble en del av Hitra kommune). Fra 1921 var Lars Aalmo også organist i Sandstad kirke.   Les mer …

Visegruppa Skuggsjå vart starta i 1979 av Kolbjørn Botten frå Valsøyfjord i Halsa kommune. Gruppa hadde medlemmer frå Halsa, Surnadal og Rindal kommunar. Songrepertoaret var i stor grad basert på gamal historie og segner frå Nordmøre. Bandet gav ut to LP-plater og heldt ein god del konsertar, før det vart oppløyst ein gong i 1980-åra. Desse var med i Skuggsjå, for kortare eller lengre tid: Kolbjørn Botten: song, Gerd Foros: song, Ole Johan Botten: bass, Eistein Bæverfjord: trekkspel, Bernt Bøe: blokkfløyte, Solveig Johansson Grytbakk: fløyte, Jostein Dønnem: gitar og Karstein Svendsli: fiolin. I 1981 gav Skuggsjå ut si første LP-plate: På gamle tufter. Denne plata vart innspela i Viking Studio A/S i Øksendal i Sunndal kommune. Den andre plata kom i 1983, og hadde tittelen Skuggsjå. Innspelinga av denne plata vart gjort i Nidaros Lydstudio AS i Trondheim. Visene som Skuggsjå bruka var forfatta av lokale diktarar frå Nordmøre, til dømes Hans Hyldbakk og Jørgen A. Gravvold, begge frå Surnadal kommune.   Les mer …

Ole Andreas Lindeman (17691857) var ein pianist, organist og musikkpedagog frå SurnadalenNordmøre. Han var fødd den 17. januar 1769Øye i Surnadal kommune av foreldra Anne Christine Tangen og Jacob Madsen Lindeman som var sorenskrivarNordmøre. Lindeman tok eksamen artium ved Trondheim katedralskole før han reiste til København i 1788 for å studere juss. Etter kvart brukte han stadig meir av tida på musikk, og han avbraut jusstudia. Ole Andreas Lindeman vart elev av kapellmeister Israel Gottlieb Wernicke og heldt konsertar med klavér eller fiolin i København. På oppmoding frå biskop Johan Christian Schønheyder flytta Lindeman til Trondheim for å bli organist i Vår Frue kyrkje der i 1799.   Les mer …

Det noverande huset i Grinda. Husa var nok enklare da Jó Gri’nn voks opp på plassen
Foto: Olve Utne
Jon Olsen Mogrinden (17941853), mest kjent som Jó Gri’nn, var ein spelemann og skreddar frå Kvenna (oftast skrive «Kvanne») i Stangvik i noverande Surnadal kommuneNordmøre. Han var kjent som ein av dei fremste spelemennene på Nordmøre i si tid. Jon Olsen Mogrinden vart fødd utanfor ekteskap i 1794 av mora Mali Jonsdatter, som var frå husmannsplassen Grinda eller Mogrinda på Kvenna. Etter kyrkjeboka var faren ein soldat med namn Ole Olsen fra Nordvik. Jon kom i skreddarlære etter at han var konfirmert, og han lærte òg å spela tyskfele.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Surnadal kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Surnadal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar